Resultatliste frå KM friteknikk 28.12.2019

Postet av Markane IL den 28. Des 2019

På grunn av veret var SSF KM fri teknikk flytta til Ullsheim laurdag 28.12.2019 med Førde IL som arrangør i samarbeid med Markane IL. 

Her er resultatlista:

Resultatliste for SSF KM fri teknikk Dato: 28.12.2019



Resultatliste frå krinsrenn sprint i skiskyting

Postet av Markane IL den 8. Des 2019

 Søndag 8.desember vart det arrangert krinsrenn sprint i skiskyting på Ullsheim.  I alt 70 løparar deltok.

Her er resultatlista:

Resultatliste for krinsrenn sprint i skiskyting 8.12.2019 på Ullsheim




Resultat frå krinsrenn i skiskyting på Ullsheim 07.12.2019

Postet av Markane IL den 7. Des 2019

Her er resultatliste frå krinsrennet i skiskyting på Ullsheim laurdag 7.desember. Løpet var eit normaldistanserenn.  I alt 75 løparar deltok.

Resultatliste for krinsrenn normal 07.12.2019



Bestilling av lagsdrakter (25.11-30.11)

Postet av Markane IL den 24. Nov 2019

Det vert mogleg å prøve lagsdrakter på Sport 1 Ytreeide i veke 48 (25.11-30.11)!

Det blir berre denne veka - så ver kjapp.

Info om bestilling vert lagt ut snart.



Årsmøte i Markane IL måndag 9.desember kl.19.00

Postet av Markane IL den 12. Nov 2019

Det vert årsmøte i Markane IL måndag 9. desember kl.19.00 på Ullsheim.

Innkomande saker må meldast til styret seinaste månag 25.november enten skriftleg til styret eller på epost til antoniak@online.no

Saklista vert lagt ut på heimesida ei veke før møtet. Sakliste og eventuelle vedlegg vert også sendt ut til alle medlemmar med registrert epostadresse ei veke før årsmøtedatoen.

Velkomne!



Premiefest 21.november kl.1800

Postet av Markane IL den 30. Okt 2019

Det vert premiefest for sesongen 2018-2019 på torsdag 21.november.

Premieutdeling for fjorårssesongen i ski, skiskyting, trim og orientering.

Alle tek med eit fat med mat.

Vi håper mange kjem og hentar premiane sine.


Vel møtt!



Har du lyst til å begynne på skiskyting?

Postet av Markane IL den 28. Okt 2019

Søndag 3.11 er det oppstart for nybyrjarar i skiskyting på Ullsheim. Sjå vedlagt invitasjon.


Lyst å begynne på skiskyting.pdf



Klage på kvalitet på lagsdrakter

Postet av Markane IL den 13. Okt 2019


Vi har fått tilbakemelding på at overtrekksdrakta vert misfarga etter lite bruk. Alle som er misfornøgd med den nye klubbdrakta, må melde seg til Grete Zachariassen (tlf 90182168). Ho føl saka vidare og sørgjer for at dei som har fått dårlege drakter, kan få nye frå produsent.



Ingen Markanebading i haustferien

Postet av Markane IL den 7. Okt 2019

  • Det vert ikkje Markanebading 7.10 pga haustferien.


Idrettslagsbasar i Skogstjerna søndag 29.september kl.15.00

Postet av Markane IL den 26. Sep 2019

Den årlege idrettslagsbasaren blir søndag 29.september i Skogstjerna frå kl.15.00.

Loddsal - åresal.

Enkel, gratis servering.

Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot. 

Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddbøkene.

Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.


Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 29.september!


Styret i Markane Idrettslag

v/ leiar Eldbjørg Hatledal



Markanebadinga

Postet av Markane IL den 14. Sep 2019

Oppstart haustsesongen 2019: måndag 16. september kl.1900 i Stryn symjehall

Eigenandelen for sesongen 2019/2020 Born kr.300,- Vaksne kr.500,- Familie kr. 950,-

                                                        Dei som deltek på badinga, må vere medlemer i Markane IL.

Kvar måndag fram til påske!




Innbyding til o-løp i Sunnfjord 14.-15.9.2019

Postet av Markane IL den 2. Sep 2019



Førde IL og Tambarskjelvar IL innbyr til o-løp i Sunnfjord 14.-15.september.  


Laurdag 14.september vert det sprintløp i Førde medan det vert KM-lang i Naustdal 15.september. Km-lang er også det siste løpet i ungdomscupen 2019.

For alle detaljar sjå vedlagt innbyding. Påmelding innan 12.9.

Innbyding til o-løp i Sunnfjord 14.-15.9.2019



Resultatliste frå nær-o-løp på Tverrfjellet 29.8.2019

Postet av Markane IL den 2. Sep 2019



Torsdag 29.august arrangert Markane IL nær-o-løp på Tverrfjellet. I alt 24 deltakarar stilte opp på løpet. Her er resultatlista.

Resultatliste frå nær-o-løp på Tverrfjellet 29.08.2019



Miljøsamling på Ullsheim

Postet av Markane IL den 23. Aug 2019

6.- 8. september 2019 inviterer Markane IL i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til miljøsamling på Ullsheim for unge langrennsløparar.

Samlinga er for jenter og gutar født mellom 2004 – 2008.

Sjur Ole Svarstad, tidlegare assistenttrenar for det norske damelandslaget i langrenn og no trenar på landslinja skiskyting i Stryn, stiller som vanleg som hovudtrenar på samlinga.

I tillegg stiller også Markane IL og skikrinsen med trenarar.

Foto frå Miljøsamling 2018: Margunn Hjelmeset

Påmelding innan 1.september på Questback

Heile innbydinga finn du her:

innbyding til miljøsamling 6.-8.september 2019.pdf



Resultatlista frå nær-o-løp nr 3 ved Ullsheim 20.06.2019

Postet av Markane IL den 24. Jun 2019

Her er resultatliste frå sesongens sitt tredje nær-o-løp som vart arrangert i området rundt Ullsheim

Resultatliste frå nær-o-løp nr 3 ved Ullsheim 20.06.2019



Nær-o-løp nr 3 på Ullsheim torsdag 20.juni

Postet av Markane IL den 17. Jun 2019

Markane IL arrangerer nær-o-løp torsdag 20. juni. Oppmøte ved avkøyrsla til Ullsheim. Merka frå rv.15.
Start frå kl. 18.00-19.30
Kr. 40 for vaksne
Kr. 20 for born t.o.m. 16 år.
Løyper blir som vanleg.  (N-, C- og 2 x A-løyper + Rakettløype)

Løpet er lagsmeisterskap for Markane IL. 


Medlemmer av Markane Il som deltek i minst 5 av 10 nær-o-løp i sesongen, får den flotte samanlagtpremien
Løypeleggar/medhjelpar tel som delteke.

Helsing
O-gruppa i Markane IL



Resultatliste frå Postvegløpet 2019

Postet av Markane IL den 5. Jun 2019

Her er resultatlista til Postvegløpet 2019.

Meir om løpet kjem etterkvart:

Resultatliste Postvegløpet 5.6.2019.pdf




Innbyding til Postvegløpet onsdag 5.juni 2019

Postet av Markane IL den 1. Jun 2019

Onsdag 5.juni er det klart for årets Postvegløp i Markane.
Start/mål ved Skogstjerna, (10 km vest for Stryn ved rv.15).

Konkurranseklasse start kl.1900
Trim/mosjonklasse start frå kl. 1800


Konkurranseklassar:

G/J 13-15, 16-18 (kr 50,-)

M/K 19-34, 35-49, 50-59, 60-69, 70- (kr 100,-)

Lisens kjem i tillegg.

Trimklasse:

Kr. 50. Familie kr 150

Løpet er 6 km langt og går litt på grus og resten i terreng/på sti.

Løpet har hatt svært god deltaking vi håpar sjølvsagt på ny deltakerrekord i år også!

1/3-premiering og i tillegg mange uttrekte premiar i både trim og konkurranseklassa.

Løpet er med i Nordfjordkarusellen.

Alle velkomne!



Nær o-løp nr. 2 - Verdens orienteringsdag

Postet av Markane IL den 12. Mai 2019

PRØV ORIENTERING! 

Markane IL og IL Veten arrangerer nær o-løp med forskjellige orienteringsaktiviteter.

NÅR: ONSDAG 15. MAI 2019 

TID: Møt opp når det passer deg mellom kl. 18:00 - 20:00 

HVOR: Parkeringsplassen ved Speiderhytta i Stryn sentrum. Merket fra RV 15.

FOR: ALLE 

  • Enkel orienteringsløype for nybegynnere.
  • C-løype (gateorientering)
  • A-kort og A-lang (kombinasjon terreng og gateorientering)
  • Rakett-løype, stjerneorientering

Startkontingent: kr 20 til og med 16 år. Kr 40 over 16 år.

For medlemmer i Markane IL teller løpet til sammenlagtpremie.

VELKOMMEN TIL VERDENS ORIENTERINGSDAG!



Resultatliste for nær-o-løp nr 1

Postet av Markane IL den 10. Mai 2019

Her er resultatlista frå sesongens første nær-o-løp.

Resultatliste for nær-o-løp nr 1 Dato: 09.05.2019



Innbyding til Rotekoppen 29.mai

Postet av Markane IL den 6. Mai 2019

Breimsbygda IL ønskjer velkomen til o-løpet Rotekoppen onsdag 29.mai frå kl. 1900


Fullstendig innbyding finn du her:

Innbyding Rotekoppen 2019



Nær-o-løp nr 1 vert torsdag 9.mai frå Ytste Maursetvegen

Postet av Markane IL den 28. Apr 2019


Markane IL arrangerer nær-o-løp torsdag 9. mai. Løpet startar frå Yste Maursetvegen, merka frå RV15 i Øyane
Start frå kl. 18.00-19.30
Kr. 40 for vaksne
Kr. 20 for born t.o.m. 16 år.
Løyper blir (ca. lengder) 3,5 km A, 2,5 km A, 2,0 km C, 1,5 km N, Rakettløype
Brikker og kompass til utlån
Medlemmer av Markane Il som deltek i minst 5 av 10 nær-o-løp i sesongen, får den flotte samanlagtpremien
Løypeleggar/medhjelpar tel som delteke.

Helsing
O-gruppa i Markane IL



Innbyding til KM-helg og o-leir i Stryn 27.-28.april

Postet av Markane IL den 22. Apr 2019

Helga 27.-28.april er det klart for KM-helg i orientering i Stryn. Det vert også ungdomssamling.


Innbyging til KM-helg


Innbyding til ungdomssamling



Lagsmeisterskap i klassisk langrenn 22.april

Postet av Markane IL den 20. Apr 2019

Lagsmeisterskap klassisk langrenn på Ullsheim måndag 22.april.
 Påmelding frå klokka 11.00.
 Fyrste start klokka 12.00.
 Startkontigent kr 50.-

...

 (Hopp /slalom må vi desverre droppe i år pga snøforholda)

 Eid IL blir saman med oss på arrangementet, slik at dei arrangerer sin lagsmeisterskap saman med oss. 

 Vi fyrer opp i Årestova og grillar litt etter rennet.

 Håpar mange av dykk har tid og lyst til å vere med på sesongens siste renn!

 Velkommen!!



Innbyding til o-leir for ungdom i Stryn

Postet av Markane IL den 15. Apr 2019

Helga 27.-28.april er det klart for ungdomsleir i orientering på Nordfjord fritidssenter. Samlinga er i samband med KM helga i Stryn. Barn og ungdom i alderen 8 til 18 år er velkomne på samling.


Her er innbydinga:


Innbyding til o-samling 27.-28.april 2019




Vi feirer brødrene Bø

Postet av Markane IL den 11. Apr 2019

Saman med Stryn Kommune inviterer vi til  fest i Stryn kulturhus 

Onsdag 17.april kl. 18.00

der vi ønskjer å markere Tarjei og Johannes sine idrettsprestasjonar sesongen 2018/ 2019.

Vi byr på litt av kvart bl.a. skiskyttarkake.

Ta deg ein kveldstur og delta i feiringa, den er open for alle.

Du er både venta og velkomen.

Helsing 

Markane idrettslag                   Stryn kommune.


Tilskipinga vil vare ca. 2 timar.



Orienteringssesongen 2019 startar opp snart.

Postet av Markane IL den 11. Apr 2019

Orienteringssesongen startar opp att igjen. Helga 27. og 28. april er det KM Mellom og KM Sprint i Stryn (Har byta dag innbyrdes i høve det som har vore annonsert tidlegare.)

Det er i år lagt inn ein ungdomscup som omfattar desse 4 løpa:  KM Sprint, Sunnfjordorienteringa, DM Mellom og KM Lang.

Cupen gjeld for ungdom til og med 20 år, i klassane D/H 13-14, D/H 15-16, D/H 17-20.

Ved KM Lang i Naustdal 15. september blir det jaktstart basert på tidsdifferansen etter dei tre første løpa, utrekna etter følgjande formel:

(Tida ved KM Sprint x 2) + (Tida ved Sunnfjordorienteringa) + (Tida ved DM Mellom) = tidsdifferanse ved jaktstart.

Det vert også i år ti nær-o-løp. Sesongen startar opp torsdag 2.mai og det er Markane som arrangerer det første løpet med start frå Ytste-Maursetvegen. Heile terminlista er lagt ut nedanfor.


Terminliste SFOK 2019 


Nær-o-løp-sesongen 2019




Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross 26.03.2019

Postet av Markane IL den 4. Apr 2019

Her er resultatlista frå sesongens siste cuprenn som gjekk som skicross tysdag 26.mars:

Resultatliste frå cuprenn 5 i skicross 26.03.2019



Cuprenn nr 5 i skicross tysdag 26.mars

Postet av Markane IL den 11. Mar 2019

Tysdag 26.mars er det klart for det utsette cuprennet på Ullsheim. Rennet går som skicross.

Påmelding frå kl.1750. Første start kl.18.30.

Enkel servering.

Vel møtt!




Skytebana er stengt fredag kveld 8.mars

Postet av Markane IL den 6. Mar 2019

Skytebana på Ullsheim er stengt fredag kveld 8.mars på grunn av rigging til renn laurdag.



Cuprenn nr 4 i fri teknikk 05.03.2019

Postet av Markane IL den 3. Mar 2019

Tysdag 5.mars er det klart for sesongens fjerde cuprenn i fri teknikk.

Påmelding frå kl.1750. Første start kl. 18.30.

Enkel servering i målområdet.

Rennet er lagsmeisterskap i fri teknikk.

Alle velkomne!



Resultatliste frå Tverrfjelldilten 2019

Postet av Markane IL den 16. Feb 2019

Andre Haugsbø frå Gaular IL og Synneva Iren Kvile frå Førde IL gjekk til topps i Tverrfjelldilten 2019

Her er resultatlista frå Tverrfjelldilten 2019

Resultatliste for Tverrfjelldilten 2019



God innsats i Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Markane IL den 16. Feb 2019

Markaneløparane gjorde det godt i Ungdommens Holmenkollrenn. Inger Hjelmeset vart nr 14 og Katrine Svarstad Heggdal nr 23 i J13. (Foto Fjordingen)

I G14 vart Torje Seljeset nr 51 og i J14 vart Sara Annie Aarnes nr 79  , Oddrun Hjelmeset Kirkeeide nr 91 og Mari Sofi Meland nr 134.





3.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i HL skiskyting

Postet av Markane IL den 16. Feb 2019


Maren Hjelmeset Kirkeeide vart nr 3 på normaldistansen i HL skiskyting på Oppdal. (Foto: Fjordingen)


Med to bom (30 sekund tillegg pr/bom) var 16-åringen 43,2 sekund bak vinnaren Herborg Idland frå Figgjo som skaut feilfritt. Synne Mæland Herheim frå Geilo (to bom) vart nummer to, 19 sekund føre Maren Hjelmeset Kirkeeide.

Hedda Garlid Hilde  imponerte med feilfri skyting og vart nummer 14 medan Emilie Flo Stavik vart nr 23  etter fem bom. Alle deltok i klasse J16, som hadde over 60 deltakarar.

På sprinten laurdag vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nr 20, Emilie Flo Stavik nr 21 og Hedda Garlid Hilde nr 22.




Startliste for Tverrfjelldilten 16.02.2019

Postet av Markane IL den 15. Feb 2019

Her er startlista til Tverrfjelldilten 16.02.2019:

Startliste Tverrfjelldilten 2019



Ver og føreforhold på Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 15. Feb 2019

Det er pr. i dag (15.02) faste og fine forhold i heile løypa.  Værmelding frå yr.no finn du nederst på heimesida.

Smørjetips (oppdatert 15.02 kl.1630): universal klister eller eventuelt rossa.



Informasjon om ekstra lys framfor tidtakarrommet

Postet av Markane IL den 4. Feb 2019

Ved cup-renn og andre arrangement på kveldstid, der ein treng ekstra lys framfor tidtakar-/speaker rommet, finn de brytar for lysarmaturen i  møne på arenabygget, i rommet oppe til høgre for speaker. NB! Husk å slå av etter bruk





Cuprenn nr 3 i klassisk stil 5.februar kl.1800

Postet av Markane IL den 4. Feb 2019

Det er klart for sesongens tredje cuprenn på Ullsheim.  Rennet går i klassisk stil. 

Påmelding frå kl.1750. Første start kl.1830.

Bollar og saft ved målgang. 

Alle velkomne.



Innbyding Tverrfjelldilten 2019

Postet av Markane IL den 29. Jan 2019

Laurdag 16. februar er det klart for Tverrfjelldilten 2019. Tverrfjelldilten er seedingsrenn for Birkebeinnerrennet 2019.

Innbyding finn du her:

Innbyding Tverrfjelldilten 2019

Hugs å melde deg på innan 14.februar.



Resultatliste frå cuprenn nr 2 i fri teknikk 22.01.2019

Postet av Markane IL den 28. Jan 2019

Tysdag 22.januar var det klart for cuprenn i fri teknikk på Ullsheim. 

Her er resultata frå rennet:

Resultatliste frå cuprenn i fri teknikk 22.01.2019




Resultatliste frå cuprenn nr. 1 i klassisk stil 8.1.2019

Postet av Markane IL den 14. Jan 2019

Her er resultata frå det første cuprennet i årets Markanecup som gjekk i klassisk stil den 8.januar. 

Vi minner om at neste renn er tysdag 22.januar i fri teknikk

Resultat frå cuprenn nr 1 i klassisk stil 08.01.2019



Funne og mista i helga 4.1-6.1 på Ullsheim

Postet av Markane IL den 9. Jan 2019

Her finn du foto av alt som var funne etter helgas jentesamling/Ullsrenn/stafett på Ullsheim.

Mista og funne.



Cuprennsesongen 2019

Postet av Markane IL den 6. Jan 2019

Cuprennsesongen startar opp igjen. Tysdag 8.januar er det klart for sesongens første renn som går i klassisk stil. Vidare framover vert det renn 22.januar, 5.februar, 26.februar og 12.mars.

Påmelding frå kl.1750. Første start kl.1830.

Bollar og saft ved målgang. 

Alle velkomne.

Nedanfor ser du funksjonærlista til dei to første renna:






Resultatliste frå SSF stafett 6.januar 2019

Postet av Markane IL den 6. Jan 2019


Her er resultatlista for SSF-stafett 6.januar 2019

Resultatliste for SSF-stafett 2019



Starttider stafett søndag 6.1.

Postet av Markane IL den 5. Jan 2019

Starttider på stafetten søndag blir slik:

Kl.12.00 Gutar/Jenter 9-10 år  (3x1 km)

Kl.12.25 Gutar 13-16 år og junior (alle 3x3 km)

Kl.12.28 Jenter 13-16 år (3x3 km)

Kl.13.05 Gutar 11-12 år (3x2 km)

Kl.13.08 Jenter 11-12 år (3x2 km)



Resultatliste frå Ullsrennet 2019

Postet av Markane IL den 5. Jan 2019

Her er resultatlista frå Ullrennet 2019:

Resultatliste Ullsrennet 2019



Startliste Ullsrennet

Postet av Markane IL den 4. Jan 2019

Ullsrennet_Startliste05.01.19.pdf


Løypeforholda ser pr i kveld 4.1 ut til å bli heilt strålande imorgon. Det har regna ein del i siste døgnet men uten at det har tæra på snøen for mykje. I kveld var det veldig fast og fint og raskt føre. Løypene blir preppa på nytt imorgon kl 07 og utover - og alle ser løypene går slik det står på løypekartet.




Innbyding og løypekart til Ullsrennet 2019

Postet av Markane IL den 2. Jan 2019

Her er innbydinga til Ullsrennet og SSF-stafett som går av stabelen på Ullsheim helga 5. og 6. januar.

Her finn du også alle løypekarta. Løypekarta kan bli justerte om verforholda skulle krevje det.

Hugs påmelding innan 2.januar.

Innbydingar og løypekart ligg under "filarkiv" under Innbydingar 2019-->innbyding og løypekart Ullsrennet.


Innbyding/løypekart Ullsrennet




Innbyding til VM samling i orientering

Postet av Markane IL den 2. Jan 2019


SAMLING I SAMBAND MED VM I ORIENTERING 2019  

Tidspunkt         Fredag 9. august – onsdag 14. august

Stad                 Først: Nøtterøy i Vestfold. Frå 12.08.: Onsøy Hyttepark i Østfold.

Siste påmeldingsfrist: 20. januar, ved e-post til johan.mageroy@mentor.no.

 Samlinga er for både ungdom og vaksne frå Sogn og Fjordane som vil delta på trening og som publikum under VM i orientering. Born født etter 2005 må ha med føresette.

Heile innbydinga finn du her:


Innbyding til VM-samling 2019