Resultatliste frå cuprenn nr 4 i skicross 25.02.2020

Postet av Markane IL den 25. Feb 2020

Over 50 løparar deltok på sesongens fjerde cuprenn på Ullsheim som gjekk som skicross. 

Her er resultatlista:


Resultatliste frå cuprenn nr 4 i skicross Dato 25.02.2020


0 Kommentar

Klart for cuprenn nr 4 på tysdag 25.februar

Postet av Markane IL den 23. Feb 2020

Sesongens fjerde cuprenn på Ullsheim tysdag 25. februar kl 1830
Rennet går som skicross

Påmelding frå kl 1750
Første start kl 1830
Startkontigent: kr 50,-

Bollar og saft sponsa av Coop Extra Stryn

Vel møtt

Løparar frå andre klubbar er òg velkomne

Skigruppa


0 Kommentar

Gull til Johannes på VM-fellesstarten!

Postet av Markane IL den 23. Feb 2020


Johannes Thingnes Bø sikra seg eit suverent VM-gull på fellesstarten i Anterselva. Tarjei Bø tapte spurten om bronsen og enda på ein fjerdeplass.  (Foto av Christian Bier, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=65545745 )

På den siste øvinga skulle det endeleg bli full klaff for Johannes som så langt i VM hadde to sølv og ein 5. plass i dei individuelle løpa. Johannes låg i tet heile vegen og skaut fire fulle hus, noko han var åleine om mellom dei som kjempa om medaljane undervegs i løpet.

Johannes gjekk utruleg godt på fjerderunde før den siste ståande serien, og auka leiinga frå 17 til 26 sekund. Med nytt fullt hus samstundes som det vart strafferundar på Quentin Fillon Maillet var sisterunden ein rein parade. Fillon Maillet tok sølvet.

Også Tarjei Bø gjekk eit godt løp, men tapte spurten om bronsen og måtte ta til takke med nok ein fjerdeplass. Bronsen gjekk til Emilien Jacquelin.

Vi gratulerer med gullet!




0 Kommentar

Sølv på herrestafetten i VM

Postet av Markane IL den 22. Feb 2020

Johannes Thingnes Bø gjorde ei solid opphenting på den siste etappen og sikra det norske stafettlaget sølv i VM. På det norske laget gjekk Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale, Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø. (Foto: Stian Grythaug) 

Noreg starta dårleg, og måtte jobbe mykje for å hente inn det Vetle Sjåstad Christiansen tapte då han måtte ut i strafferunde på første etappe. Også på den andre og tredje etappen brukte det norske laget for mange ekstra skot og det såg lenge ut til å gå mot ein bronsemedalje, heilt til Tyskland feila og måtte i strafferunden etter siste skyting.  Johannes klarte seg med eit ekstraskot på siste skyting og gjekk dermed ut like bak Tyskland. På den siste runden var Johannes klart best og sikra sølvet med god margin. Frankrike tok eit suverent gull.


Vi gratulerer Tarjei og Johannes med stafettsølv!


0 Kommentar

Sølv og bronse til Torje Seljeset

Postet av Markane IL den 22. Feb 2020

Torje Seljeset sikra seg sølv og bronse i kombinert under Hovudlandsrennet i Nybygda. (Foto: Johnny Seljeset)

Han sikra seg først ein kjempeflott sølvmedalje i kombinertøvinga på hovudlandsrennet fredag. Han starta som nummer seks, 1.38 minutt bak leiaren, og eit godt langrenn gjorde at han avanserte til ein andreplass, 42 sekund bak gullvinnar Fabian Østvold.

I kombicrosskonkurransen på laurdag vart det også medalje. Då gjekk Torje inn til bronse.


0 Kommentar

VM-gull på single miksstafett

Postet av Markane IL den 20. Feb 2020

Johannes Thingnes Bø sikra seg saman med Marte Olsbu Røiseland norsk gull på single miksstafett i VM i Anterselva torsdag.

Det såg vanskeleg ut med gull då Johannes trengde tre ekstraskot på første ståande skyting, men han slapp med skrekken. Med ein fantastisk serie med "fem rett ned" på siste ståande og suveren fart i sporet på sisterunden så slo det norske laget Tyskland med god margin på sisterunden.

Marte Olsbu Røiseland gjekk også eit kjempeløp. Ho trengde berre to ekstraskot totalt.

Sveits og Sverige var lenge med i medaljekampen, men for mange ekstraskot gjorde at Frankrike til slutt tok bronsemedaljen.

Vi gratulerer!



0 Kommentar

3.plass til Torje Seljeset i FIS Youth Cup kombinert

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

Torje Seljeset gjekk inn til pallplass på 4,5 km kombinert under FIS Youth Cup på Knyken. Etter hopprennet låg han på ein 11.plass, men med nest beste langrennstid vart det ein flott tredjeplass totalt. Vinnar av  rennet vart Paul Wacher frå Ramsau medan tyske Mika Wunderlich tok andreplassen.

Også under rennet søndag gjorde Torje solid innsats og kom på 5.plass totalt etter å ha vore nr 10 etter hopprennet og fullført med tredje beste langrennstid.

Foto: Thomas Thaule, Fjordingen


0 Kommentar

Sølv på Norgescupsprinten på Dombås i M18

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

To frå Nordfjordteam/Stryn vgs gjekk seg til pallplass i M18- klassa under norgescupen på Dombås laurdag. Oscar Guddal Breivik (til høgre)  frå Markane IL  tok sølv på sprinten for medan Jens-Henrik Hegg frå VIk IL tok bronse.

Foto: Nordfjord Team

I tillegg til dei to på pallen er det yttarligare to frå Nordfjord Team blant topp 12 i løpet med 58 deltakarar. På 9. plass kom Emil Hage Streitlien frå Folldal IL og Stryn vgs og på 12 plass står Bendik Vereide frå Stårheim IL og Stryn vgs.

I klasse K17 vart det ei ny god plassering på Maren Hjelmeset Kirkeeide som kom rett bak pallen med sin 4.plass. Same plassering fekk Gunn Kristi Tvinnereim i klasse K18.

 

I klasse K17 vart det også ein 23. plass til Hedda Garlid Hilde og ein 26.plass til Emilie Flo Stavik.  Ingrid Heggen, Stårheim IL kom på 23. plass i K18 medan Oselie Henden vart nummer 27.

I klasse M20-22 vart det ein fin 9.plass til Erlend Bakken. Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 18.plass og Isak Hopland på 20.plass.

I klasse M17 vart Håvard Engeset Woldsund nummer 32 og Sindre Roset nr. 41 medan i klasse M19 vart Martin Aaland nr. 40 og Magnus Midthjell Gjørven nr. 49

 


0 Kommentar

Sølv til Johannes Thingnes Bø på VM-jaktstarten

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

(Foto av Christian Bier, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=65545745 )

Etter 4. og 5.plass på den første individuelle øvinga i VM (sprint) var både Johannes og Tarjei klare for å kjempe om medalje på jaktstarten. 

Det vart ein spennande jaktstart under VM i Anterselva søndag. Johannes bomma under første skyting og fekk tidleg avstand opp til russiske Alexandr Loginov som skaut både raskt og feilfritt på dei første tre skytingane. Loginov såg lenge ut til å ta eit nytt VM-gull, men på siste skyting bomma russaren og måtte ut i strafferunde. Då smatt både Johannes og franske Emilien Jacquelin forbi. Dei fekk ein jamn duell innmot mål

Johannes leia jaktstarten på eit tidspunkt, men slapp taktisk forbi franskmannen før det som vart ein særdeles spennande innspurt. Eit lite feilskjær gjorde at Johannes mista fart i siste partien før mål. Dermed vart det franske Jacquelin som sikra seg gullet på jaktstarten. Johannes gjekk i mål 0,4 sekund bak gullvinnaren. Russiske Aleksandr Loginov tok bronsemedaljen.

Tarjei Bø gjekk inn på ein 6. plass på jaktstarten.


0 Kommentar

4. og 5.plass til Tarjei og Johannes på VM-sprinten

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

Det enda rett bak medaljane for Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø då dei vart nummer 4 og 5 på VM-sprinten i Anterselva.

Det starta så bra for Johannes Thingnes Bø med perfekt skyting etter første runde der han i tillegg var raskast, men derfra og ut gjekk det ikkjeheilt  vegen for Johannes som til slutt kom på 5. plass, 23.9 sekund bak russiske Alexandr Loginov som vann

Undervegs var det etterkvart Tarjei Bø som låg best an til gullet av dei norske. Men til slutt enda det rett bak pallplassane med ein 4. plass, 22.5 sekund bak vinnaren. Franske Quentin Fillon Maillet og  Martin Fourcade tok sølv og bronse.



0 Kommentar

NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normalen i K17

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs/Nordfjord Team sikra seg gullet i klasse K17 på normaldistansen på Dombås. I mål var Maren 8,8 sekund føre nummer to i klasse K17, Synne Mæland-Herheim frå NTG Geilo. Siri Galtung tok bronsen. Foto: Nordfjord Team

Maren låg godt an heile løpet. På første skyting vart det berre ein bom, medan det vart fullt hus på andre skyting. Ut frå tredje skyting, der Marenskaut to bom, var ho likevel berre fem tidel bak Synne Mæland-Herheim. Med fullt hus på siste ståande skyting låg Maren 12 sekund bak gullet, men med ein sterk sisterunde i langrennssporet kneip ho sigeren og sikra seg NM-gull.

I same klasse gjorde også Hedda Garlid Hilde, Markane/Stryn vgs/Nordfjord Team, ein flott innsats. Ho leverte svært solid på skytebana med heile 19 av 20 treff på normaldistansen. Etter fantastisk skyting, blant dei aller beste sett heile dagen under eitt, gjekk ho inn til ein imponerande 14. plass. Emilie Flo Stavik vart nummer 30 i same klasse (2-2-4-3).

I klasse K18 gjekk Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg/Stryn vgs, inn til ein sterk åttandeplass (2-2-1-1). Oselie Henden, Eid/Stryn vgs, vart nummer 18 (1-2-0-2), Ingrid Heggen, Stårheim/Stryn vgs nummer 24 (1-2-2-2), og Maria Bertine Sleire Tistel, Vik/Stryn vgs, nummer 30 (0-3-0-1).

 I M18 plasserte dei lokale seg slik:

Emil Streitlien, Stryn vgs/Folldal IL nr 1, Ask Haughovd, Stårheim/Stryn vgs, vart nummer 18. Han skaut godt, og pådrog seg berre to bom(1-0-1-0).

Oskar Guddal Breivik, Markane/Stryn vgs, vart nummer 20 (1-2-3-0), Bendik Vereide, Stårheim/Stryn vgs, nummer 26 (3-2-0-1), Jens-Henrik Hegg, Vik/Stryn vgs, nummer 32 (2-3-0-2) og Lasse Flo Bødal, Stårheim/Stryn vgs, nummer 45 (2-2-3-2).

 

I klasse M19 vart Sivert Raddum Skaug, Tretten/Stryn vgs, nummer 35 (3-3-0-1), Magnus Midthjell Gjørven, Markane/Stryn vgs, nummer 38 (3-0-2-2), Martin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs, nummer 52 (4-2-1-2) og Torjus Engeset Woldsund, Volda/Stryn vgs, nummer 57 (3-4-1-2).

 I klasse M17 blei det ein flott 4. plass til Magnus Skeide Bakke, Eid/NTG Geilo (2-3-1-1). Vidare vart det 15. plass til Martin Straumsheim, Fossum/Stryn vgs (0-2-0-3), 40. Hallvard Engeset Woldsund, Volda/Stryn vgs (3-1-3-2) og 55. Sondre Roset, Hardbagg/Stryn vgs (2-2-2-3).

Også i klasse M20-22 vart det lokalt siger der Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL/Team Hugaas gjekk heilt til topp med skyteserien (0-0-0-2). Isak Hopland frå Hardbagg IL kom på 16.plass med skyteseriane (0-1-2-0), Erlend Bakken vart nummer 39 (1-1-1-2) og Simon Hjelmeset Kirkeeide nr 53 med (3-3-0-4)

 



0 Kommentar

VM-gull i blanda stafett til Tarjei og Johannes!

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020



VM i Anterselva starta med gull for Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø som begge gjekk på det norske laget som tok gull i blanda stafett. Med seg på laget hadde dei Tiril Eckhoff og Marte Olsbu Røiseland.

Det var spenning til siste slutt, men Johannes gjekk ut på siste runden i front trass i to ekstraskot. Dermed kunne han kontrollere heilt til mål og Noreg forsvarte gullmedaljen i miksstafett frå i fjor.

Foto: Stian Grythaug

Vi gratulerer!


0 Kommentar

Resultatliste frå cuprenn nr 3 i fri teknikk 11.02.2020

Postet av Markane IL den 11. Feb 2020

Tysdag 11.02.2020 var det lysfest med høgtideleg opning av det nye lysanlegget på Ullsheim. 

Etter den offisiell opninga var det klart for det tredje cuprennet for sesongen. Rennet gjekk i fri teknikk.

Resultatliste frå rennet finn du her:

Resultatliste frå cuprenn nr 3 i fri teknikk Dato: 11.02.2020


0 Kommentar

Andre Haugsbø og Anniken Hjellbakk Hole til topps i Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 9. Feb 2020

Andre Haugsbø frå Gaular IL vann også i år Tverrfjelldilten. Han var i mål på 1.49.03,8. Det var 53,8 sekund føre Sindre Hoff frå Førde.

Anniken Hjellbakk Hole frå Sunnylven vart beste dame på 2.08.07,3.

Meir kjem.

Liveresultat frå Tverrfjelldilten finn du her: https://live.eqtiming.com/52564#result:196922-0-1118225-1-1- 

Offisielle resultat:

Resultatliste for Tverrfjelldilten 09.02.2020


0 Kommentar

Smørjetips Tverrfjelldilten

Postet av Markane IL den 9. Feb 2020

I dag, 9.februar, er det foreløbig mildt og ikkje nedbør, men vi reknar med at nedbøren som kjem blir som regn. Det betyr lik føre rundt heile løypa. Klisterføre. Legg noko hardt klister i botnen (blå), eit lag med fiolett, avslutt med universal (Multigrade, VM-klister, Nero) og Rossa/ossa spesial (eller ein annan type raudt klister): Det som går greitt på Ullsheim, går sannsynlegvis greitt resten av løypa. Lukke til!


0 Kommentar

Lysfest og cuprenn på Ullsheim tysdag 11.februar frå kl. 1700

Postet av Markane IL den 8. Feb 2020

Markane IL innbyr til cuprenn og lysfest på Ullsheim tysdag 11.februar frå kl. 1700.


Frå kl.1700: Påmelding til cuprenn

1800: Lysfest. Vi gler oss over nytt lysanlegg på Ullsheim

Offisell opning - apell -snorklipping m.m

Frå 1845: Cuprenn, langrenn, alle klassar

Premiering

Grilling/servering i og ved Årestove.

Vi ynskjer alle velkomne til lysfest!




0 Kommentar

Smørjetips til Tverrfjelldilten 2020

Postet av Markane IL den 8. Feb 2020

Skiforhold laurdag 8.2: Det er fem plussgrader og litt vind. Det har frose i natt og spora er faste og fine. Dagens smurning er universalklister av ein eller annan variant t.d. Swix VM-klister eller Rode Multigrade, kanskje blanda med lilla klister. 

Imorgon er det meldt litt nedbør, men uvisst kva type. Viss yr.no får rett, vil det framleis vere ein universalklistervariant. Kanskje Swix Nero er eit greitt tips. Vi prøver å legge ut litt om forholda imorgon tidleg,


0 Kommentar

Klart for Tverrfjelldilten på søndag 9.februar

Postet av Markane IL den 7. Feb 2020

Søndag 9.februar er det klart for Tverrfjelldilten. Rennet går som planlagt og det er gode forhold. Hugs å melde deg på innan fredag 7.februar kl.23.59!


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline