NC skiskyting 8.-10.januar 2021

Postet av Markane IL den 29. Mar 2020

Det vert Norgescup i skiskyting på Ullsheim 8.-10.januar 2021!

Vi kjem tilbake med meir informsjon. Oversikt over våre støttespelarar innan overnatting finn de i fana "Overnatting".


0 Kommentar

Resultatliste frå cuprenn nr 5 i klassisk stil

Postet av Markane IL den 10. Mar 2020

Tysdag 10.mars vart sesongens femte cuprenn arrangert på Ullsheim. Rennet gjekk i klassisk stil.

Fotoet er av deler av startfeltet i klasse 9-10 år: Nicolai Mork Sande (53), Brita Svarstad Heggdal (54) og Samuel Teige Kompalla(55). Startar er John Roger Meland.


Resultatliste frå cuprenn nr 5 i klassisk stil Dato: 10.03.2020






0 Kommentar

Cuprenn i klassisk stil tysdag 10.mars

Postet av Markane IL den 8. Mar 2020

Det er klart for sesongens femte cuprenn på Ullsheim tysdag 10.mars kl.1830. Rennet går i klassisk stil. 

Påmelding frå kl. 1750. Første start kl. 1830. Startkontingent kr 50

Bollar og saft sponsa av Coop Extra Stryn. 

Vel møtt!

Nye deltakarar og løparar frå andre klubar er også velkomne!


0 Kommentar

Bronse til Maren på fellesstarten i jr.NM skiskyting

Postet av Markane IL den 8. Mar 2020

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok bronse i klasse K17 under junior-NM skiskyting på Folldal. Også Oskar Guddal Breivik var nær medalje med 5.plass på sprinten i M18.


Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg NM-medalje då ho gjekk inn til bronse i K17. Ho låg i teten etter dei to første skytingane der ho fekk totalt to bom. På den tredje skytinga vart det tre strafferundar og ho gjekk ut som nummer seks. Trass i to bom også på siste skyting var ho med i medaljestriden på den siste runden. Med god fart i sporet gjekk ho inn til ein solid bronse. Anna Espeli frå Geilo tok gull, 26 sekund før Maren. Opp til sølvplass var det 16 sekund. 

På sprinten laurdag var det berre 3,5 sekund som skilde Oskar Guddal Breivik frå ein medalje. Han kom på ein flott 5.plass i klasse M18.

Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg tok gull på fellesstarten og bronse på sprinten i klasse K18.


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline