Turorientering 2020

Postet av Markane IL den 7. Jul 2020



Markane IL og IL Veten er i gong med turorientering for sesongen.
Tradisjonelle konvoluttar med kart og klippekort kan kjøpast på Esso Stryn Bensinstasjon, Ytre-Eide Sport 1 og Coop Fjelli.

Nytt av året er at ein alternativt kan bruke TurOrientering.no til å kjøpe kart og registrere postane. Eller ein kan bruke appen TurOrientering på smarttelefonen. Den kjem det ny utgåve av i løpet av veke 28.
På postane heng det i år ikkje klippetenger, men står ein kode som ein skriv ned på kontroll-/klippekortet eller ein legg den inn i appen TurOrientering eller registrerer posten på TurOrientering.no.

Årets Turorientering er fordelt på fem områder:  Tverrfjellet, Vangen Vest, Stryn (Tonningskamben) , Faleidsstøylen og Ullsheim. Til saman 40 postar ligg ute i terrenget fram til 12. oktober.


Meir infor om turorientering finn du på denne lenka her: https://turorientering.no/markaneil/ 


Orienteringsgruppene i IL Veten og Markane IL ønskjer alle ein god sommar og god turorientering!

 


Resultat frå nær-o-løpa våren 2020

Postet av Markane IL den 1. Jul 2020

Her er resultatlistene frå dei fire nær-o-løpa som har vore arrangerte i vår. På grunn av problem med tidtakinga på første løp er her berre deltakarliste frå dette løpet. Løpet tel likevel med i samandraget. Dei som orienterer for Markane IL kan sikre seg årets samanlagtpremie ved å delta på minst halvparten av årets løp.

Deltakarliste for nær-o-løp nr 1. Arrangør Markane IL Dato: 14.05.2020

Resultatliste for nær-o-løp nr 2 Arrangør IL Veten Dato 28.05.2020

Resultatliste for nær-o-løp nr 3 Arrangør Markane IL Dato 11.06.2020

Resultatliste for nær-o-løp nr 4 Arrangør IL Veten Dato 18.06.2020

Velkomen til fleire o-løp etter somarpausen!