Tre samanlagtsigrar i SSF-cupen

Postet av Markane IL den 6. Mar 2016

Det vart tre samanlagtsigrar i årets SSF-cup. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Torje Seljeset og Emilie Flo Stavik gjekk alle til topps i sine klassar. I tillegg kom Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass og Oskar Guddal Breivik på tredjeplass samanlagt.

I klassane 11 og 12 år er det dei fire beste renna som inngår i samanlagtresultatet. Maksimal poengscore er 26 poeng pr. renn. Torje Seljeset vann klasse G11 med maksimal poengsum 104 poeng. Næraste konkurrent vart Mathias Rauset frå Fjellhug/Vereide som oppnådde 86 poeng. Også Oddrun Hjelmeset Kirkeeide oppnådde maksimalpoengsummen på 104 poeng då ho vann J11. Johanne Støfring frå Jølster IL kom på andreplass i klassa med 96 poeng.

I klassane frå 13 år og oppover er det dei fem beste renna som tel samanlagt. I klasse J13 vart det dobbelt Markane. Emilie Flo Stavik vann klassa med fire førsteplassar og ein andreplass som teljande, og dermed 126 poeng. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass med ein første- og fire andreplassar som teljande, og dermed 114 poeng. Tredjeplassen gjekk til Louise Tveito frå Kaupanger med 109 poeng.

Også Oskar Guddal Breivik sikra seg pallplass samanlagt. Med totalt 93 poeng vart det delt tredjeplass med Oliver Bosdal Thorsen i klasse G14. Andreplassen gjekk til Ivar Nistad frå Gaular IL med 105 poeng og førsteplassen til Thristan Engebø Ullebø frå Førde IL med fem førsteplassar og 130 poeng.

Foto (Markane IL): Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på 1. og 2.plass samanlagt i SSFF-cupen klasse J13.


Komplett resultatliste samanlagt:

SSF Cup samanlagt 2016.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.