Norges vestlegaste o-løp, 16.-17. juni på Bulandet-Værlandet

Postet av Markane IL den 28. Mar 2007

Fleire frå Markane IL skal av garde, har du lyst? Her er litt info om o-løpa og linkar til heimeside for Bulandet og Værlandet og overnattingsplassar. Det er mange fine hytter og gjestehus på Bulandet og Værlandet, men desse brukar å bli tinga tidleg. O- gruppa har reservert nokre rom på Gamleskulen på Værlandet, ta kontakt med Kari innan 15. april om du ynskjer av desse. Du kan sjølvsagt ta kontakt med Gamleskulen direkte òg

              

 

Frå orienteringsbladet Veivalg:"Bulandet og Værlandet er det vestligeste bosatte øysamfunnet i Norge med meir enn 365 øyer. Mellom Bulandet og

Værlandet er det en 5 km lang vei og med seks bruer på til sammen 950 meter. Bulandet blir ofte kallt "Nordens Venezia" og er eit populært reisemål for turistar. Det er en times fergetur til fastlandet. Det planlegges KM sprint på Bulandet og KM mellomdistanse på Værlandet.Det er Askvoll og Holmedal O-gruppe som arrangerer kretsløpene i samarbeid med Bulandet IL og Værlandet IL. Det er nytt kart i år, men det har vært turorientering på Værlandet i 30 år."

Innbyding til løpa er ikkje sent ut enno, men vi det kan vere greit å vere tidleg ute med overnatting. Om du ynskjer å bestille overnatting gjennom laget på Gamleskulen på Værlandet,ta kontakt innan 15. april med Kari A. Svarstad, tlf. 95 87 50 37 eller karisvar@start.no 

På Gamleskulen på Værlandet er det plass til mange. Der er høve til camping òg ( telt, campingvogn og bobil). Om du treng straumuttak, er det lurt å reservere. Du kan ringe sjølv eller til Kari,  OBS: Laurdag er det dans i grendahuset i gangavstand frå gamleskulen.

http://www.bulandet-grendalag.org/images/LindaMappe/LindaTekst/nytekstgamleskule.htm

Før påska hadde vi reservert hytte ei hytte og to leilegheiter på med bulandsferie. Hytta er tinga, og leilegheitene er ikkje lenger reserverte. Kanskje er der ledig enno, ta kontakt direkte om du ynskjer det. 

http://www.bulandsferie.no/

Vil du lese meir om Bulandet og Værlandet, besøk:

http://www.bulandet-grendalag.org/

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.