Sølv i NM-stafetten

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Tarjei Bø og Jarle Midthjell Gjørven gjekk på Sogn og Fjordane sitt sølvlag på NM-stafetten på Dombås.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk førsteetappe for Sogn og Fjordane sitt lag etter at Johannes Thingnes Bø måtte melde sjukdomsforfall. Jarle gjekk ein god etappe og heldt Sogn og Fjordane inne blant topplaga. Etter første etappe låg Sogn og Fjordane omlag eitt minutt etter leiarlaget på dette tidspunktet.

Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde gjekk andreetappe og gjekk laget opp til ein andreplass medan Ole Martin Erdal frå Førde gjekk Sogn og Fjordane heilt fram i leiinga med ein god tredjeetappe. Dei tre første klarte seg gjennom stafetten utan strafferundar. Tarjei Bø avslutta stafetten for Sogn og Fjordane. Han hadde ikkje heilt dagen på den ståande skytinga og måtte ut i ein strafferunde. Dermed vart det til slutt sølv til Sogn og Fjordane, 20 sek etter Sør Trøndelag. Bronsen gjekk til Agder, 26 sek etter vinnaren.

Sogn og Fjordane stilte også med eit andrelag. Johan Eirik Meland gjekk ein flott førsteetappe og hadde betre etappetid enn nokon på førstelaget til Sogn og Fjordane. Andrelaget var heilt oppe på tredjeplass etter den første etappen. Håkon Midthjell Gjørven, Tryggve Aaland Tryggestad og Vegard Skrede gjekk dei tre andre etappane. Med litt lågare fart i løypa enn topplaga enda Sogn og Fjordane II på ein 24.plass, 11min 32 sek etter vinnarlaget.

Komplett resultatliste her:

resultat-nm-senior-stafett-menn-2016.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.