Innbyding til Tverrfjelldilten 2022

Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

Bilde bildetekst

Søndag 6.februar er det klart for den niande Tverrfjelldilten. Rennet er ssedingrenn til Birkebeinerrennet. Det vert også 10km distanserenn (SSF-cup) for J/G 15-16.


Påmeldinga er no opna på www.mindrett.no og www.sportsadmin.no 

Detaljar finn du i innbydinga nedanfor.

Innbyding til Tverrfjelldilten 2022



Katrine Svarstad Heggdal vart beste 16-åring i Holmenkollen.

Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

KatrineSVarstad Heggdal frå Markane IL vann normaldistansen på Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen. Ho vann dermed også pokalen for beste skiskyttar i 16-årsklassa for jenter. Foto: Privat

Det var dermed to topplasseringar på Katrine i Holmenkollen med 4.plass på sprinten og siger på normaldistansen. På normaldistansen vann ho med 11 sekunds margin ned til Berit Reitan. Ho hadde ein bom på første skyting og to på den andre.

Også Olina Svarstad Heggdal fekk to topplasseringar i Holmenkollen. Ho kom på pallen då ho vart nummer to på sprinten og følgde opp med ein fin femteplass på normalen i klasse J13. Kornelia Trøsken kom ein flott 8.plass på normalen etter å ha vorte nummer 16 på sprintøvinga i J13. 

Lagveninnna Konstanse Henden vart nummer 16 på normalen i same klasse. På sprinten gjekk ho inn til ein 27.plass,

Esekiel Henden vart nummer 38 på normalen i klasse G16 og nummer 39 på sprinten

Foto: Olina Svarstad Heggdal (t.v) kom på andreolass på Kvalfoss-sprinten. Sigeren gjekk til Martine Pettersen Moe frå Try IL. Foto: Privat.


Vi gratulerer alle med flotte resultat.



Ny topplassering i norgescupen i langrenn for Emilie Flo Stavik

Postet av Markane IL den 30. Jan 2022

Emilie Flo Stavik gjekk eit nytt toppløp i langrenn og gjekk inn til ein flott 4.plass på 5km langrenn i Noregscupen  for K 19-20 på Nannestad. Foto: Nordfjord Team Stryn Energi.

Emilie låg lenge heilt på toppen av lista i K19-20, men vart til slutt nummer fire, berre 3,6 sekund unna pallen. Ho var 26 sekund bak vinnaren av løpet Anna Heggen frå Svea Skilag.

Også Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk godt. Ho låg nokre sekund bak Emilie halvvegs i rennet.  I mål vart Maren nummer 11. Ho var om lag 20 sekund bak Emilie. 

Flott innsats i ei klasse der mange av løparane er eit år eldre enn Maren og Emilie.

Vi gratulerer med resultata!



NM-bronse til Emilie Flo Stavik i langrenn

Postet av Markane IL den 29. Jan 2022

Emilie Flo Stavik gjekk inn til NM-bronse då ho deltok på sprinten i NM for langrenn. Foto: (Fjordingen/Thomas Taule)


Emilie Flo Stavik deltok fredag 28.januar i junior-NM i sprint (langrenn).

ETter å ha teke fjerdeplassen av 120 løparar i prologen kom ho seg også vidare både frå kvartfinalen og semifinalen

I finalefeltet der fleire av løparane var eitt år eldre, spurta Emilie inn til ein flott 3.plass, og dermed bronsemedalje.

Vi gratulerer!




Emilie Flo Stavik og Maren Hjelmeset Kirkeeide klar for junior-VM i Salt Lake City

Postet av Markane IL den 25. Jan 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik er klare for junior-VM i skiskyting i Salt Lake City! Meisterskapet startar 20.februar. Vi gratulerer1 (Foto: Nordfjord Team Stryn Energi)


Det er i alt fire norske kvinner som er tekne ut i ungdomsklassen frå 18-19år. Dermed er halve laget frå Markane IL /Nordfjord Team Stryn Energi/Stryn vgs. Maren og Emilie har levert fantastiske resultat så langt i sesongen så dette var vel fortent. 

Vi ønskjer lukke til i VM!



Maren Hjelmeset Kirkeeide med suveren siger på normaldistansen

Postet av Markane IL den 24. Jan 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide tok ein suveren siger på normaldistanse i K19 under Norgescupen i Fet då ho vann med over eit minutts margin til nummer 2. Foto Nordfjord Team Stryn Energi,


Under den korte normaldistansen søndag vart det ny medalje for Maren Hjelmeset Kirkeeide. Med eit knalløp og berre ein bom, gjekk Maren inn til ein overlegen siger, 1.15.6 minutt føre andreplassen. 

I same klasse (K19) tok lagveninna Emilie Flo Stavik ein 10. plass, medan Hedda Garlid Hilde gjekk inn på 30. plass

I K18-klasse tok Ann Kristin Aaland ein sterk 9. plass for Hardbagg IL.

Fleire av løparane som deltok i Norgescupen er tilknytta Stryn vgs. Her kan det nemnast at Eline Mathea Myren tok ein 12. plass og Tiril Ure Totland er notert med ein 19. plass

I M19-klassa, tok Kasper Mundal ein 15. plass, Martin Straumsheim kom i mål til 21. plass og Sondre Roset kom på 34. plass

I klassa M18 enda Johannes Skjerveggen Græe på 40. plass og Trygve Myrold like bak på ein 43. plass.




Ny dobbeltsiger i Norgescupen

Postet av Markane IL den 24. Jan 2022

Markane IL- løparane Emilie Flo Stavik og Maren Kirkeeide Hjelmeset gjekk heilt til topps på pallen med høvesvis første- og andreplass etter sprinten i Norgescupen i klasse  K19 i Fet.


Emilie Flo Stavik sprinta i mål på tida 17.47.3. Det var 11,3 sekund føre lagveninna Maren Kirkeeide Hjelmeset.

Dei to  har utmerka seg også tidlegare med slike dobbeltsigrar. Sist var 8. januar under Norgescupen i skiskyting i Karidalen.

Hedda Garlid Hilde gjekk inn til  23. plass i same klassa, K19

Hardbagg IL-løparen Ann Kristin Aaland presterte ein 4. plass i klassa K18. 

I klassa K17 fekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide  ein splid 13. plass for Markane IL. I klassa M17 vart Eirik Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL) nummer 9.

Det er også Lerøy Cup på Geilo denne helga. Der gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide inn på ein 5. plass i sprint i klassa M20-22.

Hardbagg IL-løparane Isak Hopland kom på ein 25. plass og Vegard Skrede fell ein 27. plass i seniorklassa.

Vi gratulerer med flott innsats!





Flytting av Lerøy Cup 2 for ungdom 21.-23.januar

Postet av Markane IL den 14. Jan 2022

TDar og NSSF har i dag hatt møte med Markane IL og bestemt at arrangementet ikkje går i Stryn, grunna usikker verprognose

Det er Fet Skiklubb som har sagt seg villig til å ta på seg arrangementet og  Norges Skiskytterforbund er glad for at klubben snur seg rundt på kort tid for å gjennomføre Lerøy Cup.

Praktisk info

Alle utøvarar som var påmeldt i Stryn blir avmeldt av EQ Timing. EQ Timing kjem til å opprette eit nytt arrangement på Fet og alle som ønskjer å gå det rennet må melde seg på igjen. Årsaka til dette er at påmeldingane/transaksjonane til arrangementet i Stryn er knytt opp til Markane IL sitt kontonummer.

Vi minner om at påmeldingsfristen er måndag 17. januar kl 23:59. Det vil ta litt tid å opprette arrangementet, følg derfor med på EQ Timing.

Invitasjon til arrangementet blir offentliggjort så fort det er klart.

Årsaken til at oppsplitting Lerøy Cup for ungdom (Fet) og Lerøy Cup for junior/senior (Geilo), er at vi startet med dette arbeidet i god tid før regjeringa sin pressekonferanse torsdag 13. januar.

Informasjonen er henta frå: https://skiskyting.no/artikler/ny-arrangor-av-leroy-cup-2-for-ungdom/




Status for Lerøy cup 21.-23.januar

Postet av Markane IL den 11. Jan 2022

Som sikkert mange har lagt merke til er det meldt varmegrader og mykje nedbør onsdag og torsdag denne veka i området der stadion ligg. Det er snø og gode forhold i anlegget slik det er i kveld, men vi vil sjå an korleis tilhøva blir etter regnet som er meldt. Inn mot helga er det meldt at temperaturen blir noko kaldare og med ein oppdatert vêrprognose frå Meteorologisk Institutt fredag, vert det teke ei avgjer om rennet kan gå som planlagt.

Viss rennet ikkje blir gjennomført i Stryn, vil vi komme tilbake med informasjon fredag 14.januar om kvar Lerøy Cupen blir flytta.
Dette arrangementet er for årsklassane 17-19 år.

20-22år og senior går sin Lerøy Cup på Geilo 22.-23. januar.




Ny siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide i Norgescupen

Postet av Markane IL den 10. Jan 2022

Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs vann også fellesstarten i Norgescupen og tok dermed sin andre siger på to dagar. Ho imponerte med 18 treff på 20 skot, og var 53 sekund føre den neste som kom i mål i K19. (Foto: Nordfjord Team Stryn Energi)

Emilie Flo Stavik tok 6. plassen i same klasse.

Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nummer 8 i klasse K17 medan Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein 10. plass i M20-22- klassen på sprinten i norgescuprennet i Os i Østerdalen.




Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik med dobbeltsiger i Norgescupen

Postet av Markane IL den 9. Jan 2022

Det vart dobbelt Markane til topps på pallen då duoen Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik tok første- og andreplass i 19-årsklassen  under sprinten i Norgescup skiskyting i Karidalen i Østre Toten.


Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs. skaut fullt hus på liggande skyting og med berre ein bom på ståande,  vann ho 23 sekund føre Emilie Flo Stavik som fekk ein bom på liggande og ein på ståande. Dermed vart det dobbelt Markane i 19-årsklassa.

Hedda Garlid Hilde har vore ute med skade i nesten eitt år, men gjekk inn til ein solid 25. plass med berre eitt bomskot.

Også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg/Stryn vgs kom på pallen. Ho gjekk inn til tredjeplassen i 18-årsklassen med ein runde på siste skyting.

På grunn av strenge koronarestriksjonar er norgescupen delt opp i fleire renn etter årsklasse. Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nummer ni på fellesstarten for M20-22 i Norgescup skiskyting  i Os i Østerdalen.

Fleire foto frå Norgescuphelga. Alle foto: Nordfjord Team Stryn Energi






Sesongens første cuprenn tysdag 11.januar

Postet av Markane IL den 8. Jan 2022


Hald av tysdag 11. januar frå kl 1830. Då arrangerer vi sesongens første cuprenn på Ullsheim. Rennet går i fri teknikk og er i tillegg lagsmeisterskap for Markane IL. Meir informasjon blir lagt ut på søndag.


Dei øvrige cuprenna er planlagd slik:
25. januar : klassisk (LM)
15. februar: fri teknikk
1. mars: klassisk
15. eller 22. mars: skicross
Skigruppa







Oppdatert esultatliste frå Ullsrennet 02.01.2022

Postet av Markane IL den 2. Jan 2022

Her er ei korrigert resultatliste frå Ullsrennet. Arrangementet i dag hadde eit problem med nokre feil starttider, og dessverre  vart ikkje alle korrigerte  før vi la ut resultatlistene her på nettsida.  

 Rennet var KM for senior og junior.

Resultatliste for Ullsrennet 02.01.2022




Startliste og smittevernleiar for Ullsrennet 2022

Postet av Markane IL den 1. Jan 2022

Her er startliste og smittevernrettleiar for Ullsrennet 2022. Fint om de les gjennom smittevernrettleiaren før de kjem. Dei føresette som eventuelt ikkje er registrerte, må gjere dette før dei går inn på stadion.  Hugs også  å hente startnummera i garasjen før de går inn på stadion.

Rennet er KM for junior og senior.


Startliste for Ullsrennet 02.01.2022

Smittevernrettleiar Ullsrennet



Praktisk info om Ullsrennet 2022

Postet av Markane IL den 1. Jan 2022

Starttider Ullsrennet: Klassar t.o.m 12 år start kl 11.30, 13 år og eldre kl 13.00. 

Startlistene blir lagt ut på EQ timing så snart som muleg. Mykje etterpåmelding gjer at det har teke litt tid å få dette til.

Utdeling av startnummer og brikke samt brikkekontroll vert i garasjen med inngang mot parkeringsplassen.



Informasjon om løyper på Ullsrennet 2022

Postet av Markane IL den 1. Jan 2022


Der er pr idag 1.1.2022  nok snø og greie løyper på Ullsheim. Det var minusgrader i natt og der er eit par cm nysnø. På grunn av snøforholda kjem vi til å køyre nokre kortare sløyfer enn dei vanlege. Vèrmeldinga seier at det skal kome litt sludd og regn i ettermiddag og natt og opphold og tildels sol på søndag, så vi satsar på det blir fine forhold!

Løypekart:

Løypeinfo Ullrennet 2022

Løypekart 2,0 km- raud løype

Løypekart 2,5km grøn løype


Vel møtt!