Føremelding for Tverrfjelldilten pr fredag kl 16

Postet av Markane IL den 9. Feb 2018

Det er no 3 plussgrader på Ullsheim (starten) og ca 0 grader på høgaste punkt i løypa. Idag har det vel vore typisk rubbføre eller liknande, men det er meldt noko kaldare til imorgon. Nedbøren som er meldt i natt reknar ein med kjem som regn/sludd nede og som snø i høgda. Vi prøvar å oppdatere føremeldingar etterkvart.




1 Kommentar

Kommentarer

  • Per Hatledal

    LØYPERAPPORT LAURDAG 10. FEBRUAR KL. 07.30 Det er 0 grader på Ullsheim, minus 1 grad på løypa sitt høgaste punkt. Det har snøa 5 cm på Ullsheim og ca 10-15 cm høgare oppe. Det er fuktig nysnø som kan føre til smurningsproblem. Rubb, Ceroski eller felleski er sikkert tingen i dag. Været er stabilt, truleg ikkje meir nedbør. Per Hatledal ( løypesjef )

    10 februar 2018

Logg inn for å skrive en kommentar.