Le Grand Bornand 13.12.2013:

Postet av Markane IL den 13. Des 2013

5.plass til Norge med Johannes Th. Bø på sisteetappen

 Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Vonheim, NC Geilo

Johannes Thingnes Bø gjekk ankeretappen på verdscupenstafetten i Le Grand Bornand. Foto: Anders Vonheim, NC Geilo.

Lars Helge Birkeland, Henrik L'Abeé-Lund, Erlend Øvereng Bjøntegaard og Johannes Thingnes Bø gjekk på Norges lag i verdscupstafetten i Le Grand Bornand der Norge vart nummer fem. 

Lars Helge Birkeland gjekk første etappe og opna med eitt ekstraskot på den første skytinga. Ståandeserien var rask og feilfri, og Noreg opna på tredjeplass, 14,2 sekund etter Sverige som var i tet. På andre etappe gjekk Henrik L'Abée-Lund som opna med ein perfekt serie på liggande skyting. På ståande fekk han to bom, men var likevel nummer to ut frå den siste skytinga. Ved veksling var avstanden fram til Tyskland på 16,3 sekund.

Erlend Bjøntegaard på tredje etappe var uheldig på den liggande skytinga. Det vart to bomskot. Dermed vart det ekstraskot og ut frå skyting var Norge 37 sekund bak Tyskland. Også Russland og Austerrike gjekk ut med klar luke til Norge. På den ståande skytinga leverte Bjøntegaard svært kjapp serie. Dermed veksla Noreg som nummer fire, 32,6 sekund bak Tyskland.

Johannes Thingnes Bø skaut raskt og sikkert på liggande, men det gjorde også dei næraste konkurrentane. På ståande måtte Johannes nytte alle tre ekstraskota før alle blinkane var nede. Her rauk nok sjansen til ein pallplass sjølv om det var tett mellom Austerrike, Sverige, Norge og Frankrike som kjempa om bronse ut frå skyting.

I mål var Johannes Thingnes Bø 32 sekund bak Russland som spurtslo Tyskland. Austerrike vart nummer tre. Sverige nummer fire og altså Norge nummer fem.

I morgon er det klart for sprint med Johannes på startstreken.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.