Kategori
Hornindal Rundt 6.7.2013:
Postet av Markane IL den 8. Jul 2013
5. plass til Jarle Midthjell Gjørven og 6. plass til Gunn Skrede
Hornindal Rundt vart arrangert for fjerde gong laurdag 6. juli med ny rekord i deltakartalet. I alt 101 løparar stilte opp i det ultralange løpet på 78 km medan 130 deltok på halvt løp på 38 km. Også sju løparar frå Markane deltok, alle i klassa for halvt løp.
Best plassering vart det til Jarle Midthjell Gjørven som kom i mål på ein femteplass totalt med tida 5 t 17 min 26 sek. Dette heldt også til ein andreplass i klassa for M 20-29 år. Raskast gjennom dei 38 kilometerane var Rasmus Haugen som kom i mål på tida 4 t 48 min 12 sek.
Dei øvrige deltakarane frå Markane i herreklassa plasserte seg slik: Sjur Ole Svarstad vart nr 9 (4.plass i M30-39), Per Jakob Kyrkjeeide nr 27 totalt (5.plass i M40-49), Kjetil Svarstad nr 36 (7.plass i M 20-29), Jan Egil Gjørven nr 41 (9. plass M40-49) og Henning Heimlid nr 48 ( 11.plass M30-39)
I dameklassa for halvt løp kom Gunn Skrede på ein flott sjetteplass totalt med tida 7 t 23 min 15 sek (4.plass i klasse K20-29). Vinnar av dameklassa totalt vart Karoline Holsen Kyte frå Førde IL som sette ny løyperekord etter å ha gjennomført dei 38 kilometerane på 5 t 10 min 45 sek. Ann Kristin Grodås som i dette løpet representerte Aktiv trening Eid vart nr 8.
Vinnarane av det ultralane løpet på 78 km vart: Kristoffer Normark frå Iksu multisport med tida 10t 48 min 37 sek og Madeleine Linestrand frå Trångsvikens IF med 13 t 12 min 35 sek.
Meir om Hornindal Rundt er å finne på løpet si heimeside.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.