Hamar 18.5-20.5.2013

Postet av Markane IL den 20. Mai 2013

Resultat frå Pinseløpa i orientering

o-logo

Hamar OK og Løten o-lag stod som arrangør for dei tre pinseløpa på Hamar.

Første løp var Pinsesprinten som vart arrangert på pinseafta 18. mai. Markane hadde her ein deltakar med. Markus Træen vart nummer 34 i klasse H17-20. Han fullførte den 4,9 km lange løypa på 1.09.31. Vinnar av løpet vart Nick Hann frå Verdal OK. Han vann løpet klart etter å ha kome i mål til 29 min 48 sek.

På pinsedag var det klart for løpet "Elgdilten". Klassa H17- sprang her ei løype på 6,5 km. I dette løpet var både Markus Træen og Rikard Kirkeeide Bøe med. Markus Træen vart her nummer 21 på 1.21.35 medan Rikard Kirkeeide Bøe vart nummer 24 med 1.40.04. Suveren vinnar med nesten fire minutts differanse til nummer to  vart Per Andreasson frå IFK Gøteborg med tida 44.30.

Pinseløpa vart avslutta med "Løvspretten". Klassa H17-18 skulle her orientere seg gjennom ei løype på 5,1 km. Rikard K. Bøe vart dessverre diska i dette løpet. Markus Træen kom på ein 29.plass med tida 1.15.42. Klassevinnar vart Vegard Rønning Huber frå arrangørlaget Hamar OK med tida 32.42.

Det var god deltaking også i årets pinseløp og totalt var 800-900 o-løparar i aksjon i kvart av løpa.

Resultatliste frå Pinsesprinten 18.5.2013 Klasse H17-20

Resultatliste frå Elgdilten 19.5.2013 Klasse H17-K

Resultatliste frå Løvspretten 20.5.2013 Klasse H17-18


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.