Geilo 24.-25.11.2012:

Postet av Markane IL den 26. Nov 2012

Sesongopning i Norgescupen.

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Jarle Midthjell Gjørven var einaste løpar frå Markane IL på start under Norgescupopninga på Geilo i helga.

På programmet denne opningshelga stod sprint og fellesstart. Jarle kom godt i gong på skytebana og kom gjennom sprinten med berre ein strafferunde. Farten var ikkje heilt på høgde med dei aller raskaste, og i mål vart det ein 32. plass. Differansen opptil vinnaren Christian Sæten frå Nittedal SSL var på 1 min 45 sek.

Endå litt betre gjekk det på søndagens fellesstart. Også på dette løpet leverte Jarle god innsats på standplass og kom gjennom dei fire skytingane med to rundar totalt. I mål heldt det til ein 20. plass, 1 min 51 sek etter vinnaren Tor Martin Søvik Gundersen frå Åsnes IL.

Norgescupen held fram på Lillehammer 8.-9. desember.

Resultatliste DNB cup nr 1. Sprint 24.11.2012

Resultatliste DNB cup nr 1. Fellesstart 25.11.2012


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.