Ullsheim 09.03.2012:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2012

NM-gull både til Johannes Thingnes Bø og Johan Eirik Meland på jr.NMs første dag!

Johannes Thingnes Bø vann normaldistanse under jrNM2012. Foto:Magnus Aarre

Johannes Thingnes Bø vann normaldistansen i klasse M 19 suverent. Her saman med bronsevinnar Håkon Svaland. Sølvvinnar Øystein Ulevik var ikkje til stades. Foto: Magnus Aarre

Johannes Thingnes Bø leverte eit fantastisk løp på dagens normaldistanse, og vann klassen M 19 heilt suverent. Johannes leia løpet frå start til mål. Ingen var i nærleiken av å måle se med hans fantastiske fart i sporet. Også på standplass gjekk det svært bra med fullt hus på første skyting og eit tilleggsminutt på dei tre andre skytingane. I mål var han heile 4 min 22 sek føre sin nærast konkurrent, Øystein Ulekleiv frå Dombås IL som tok sølv. Håkon Svaland frå Birkenes IL/SVG følgde på tredjeplass. Markane IL hadde også tre andre løparar i aksjon i klasse M19. Jarle Midthjell Gjørven leverte også eit jamnt godt løp. Også Jarle tre tilleggsminutt og enda på ein 14.plass til slutt. Isak Fotland Fænn vart nr 33 medan Runar Netland kom i mål på 39.plass.

Johan Eirik Meland vann klasse M18. Foto: Magnus Aarre 

Johan Eirik Meland tok NM-gull i klasse M18. Foto: Magnus Aarre

Markane IL hadde ein fantastisk dag under jrNM sin første dag. På same tid som Johannes Thingnes Bø tok gull, vart det klart at Johan Eirik Meland kjempa om sigeren i klasse M18. Også han leia løpet heilt frå starten. Han leverte fantastisk innsats på standplass og skaut tre fulle hus. På siste skyting kom det ein bom og dermed vart det svært jamnt med den næraste konkurrenten Didrik Malvik frå Fossum IF. I mål vann Johan Eirik med 9,7 sekund. Andreas Kvam frå Meldal IL tok bronsen.

Markane IL hadde også løparar i aksjon i klasse K18 og M17. Janne Alsaker kom inn til 29.plass i klasse K18. Vinnar av klassa vart Turid Salbu frå Voss SSL. Lars Midthjell Gjørven kom på 16.plass i klasse M17 etter god innsats i løypa, men åtte tilleggsminutt var i meste laget for å nå heilt opp i toppen. Vinnar av klassa vart Anders Sommerstad Juveli frå Lier IL.

Kompletter resultatlister og fyldige reportasjar frå jrNM finn du på arrangementets heimeside!

 Elles oppmodar vi alle om å ta turen til Ullsheim i helga og heie fram alle dei dyktige juniorane som kjempar om medaljar og gode plasseringar.

Resultatliste NM jr skiskyting normaldistanse og Norgescup senior Ullsheim 09.03.2012

Vi gratulerer dagens NM-vinnarar!

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.