Grendadalen 25.-26.02.2012

Postet av Markane IL den 29. Feb 2012

God innsats i KM i Hornindal.

 KM i grendadalen 26.02.2012 Foto: Rune Tryggestad

God innsats i løypene i Grendadalen. Foto: Rune Tryggestad

Laurdag 25. og søndag 26. februar vart det arrangert krinsmeisterskap i Grendadalen i Hornindal. Omlag 125 løparar var påmelde til konkurransane dei to dagane. Laurdag var det normalprogram medan søndag var det sprint for utøvarar yngre enn 13 år, og stafett for utøvarar på 13 år og eldre.
Været var bra begge dagar. Laurdag var det litt snø i lufta, men elles fine forhold. Søndag kom eit gløtt av sol, og det var ein rett triveleg dag i Grendadalen. I kombinasjon med gode løyper gav dette gode prestasjonar og god stemning.

Markane IL var som vanleg godt representert i dei fleste klasser. Under krinsmeisterskapet på normaldistansen vart Lars Midthjell Gjørven vinnar av klassen M17. Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven vart krinsmeistrar for høveesvis M18 og M19. Aksel Meland tok sølv i klassen for gutar 13 år medan Magnus Arntsen kom på 4. plass. I klassen for gutar 14 år blei Odd Sindre Tonning nummer tre. I dei yngre klassane vart det andreplass til Magnus Midthjell Gjørven i klasse G 11. Same plassering fekk Kari Alsaker i klassen for J12. Normaldistanseløpet tel også både i krinscupen og i kampen om Sparebankkruset.

Søndag var det KM i stafett for utøvarar på 13 år og oppover. Dei yngre løparane gjekk krinsrenn sprint. Markane stilte opp med tre lag i KM-stafett. Alle laga deltok i klassen gutar 13-16 år. Best resultat oppnådde Markane III med fjerdeplass. Laget bestod av Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid og Georg Halsteinslid. Markane I (Georg Halsteinslid, Odd Sindre Tonning og Gaute Bø) kom på 6.plass medan Markane II (Aksel Meland, Magnus Arntsen og Grim Nygård) blei nummer 8.

Komplette resultatlister for dei tre løpa er lagt ut nedanfor.

Resultatliste KM Grendadalen normaldistanse 25.02.2012

Resultatliste krinsrenn Grendadalen sprint 26.02.2012

Resultatliste KM Grendadalen stafett 26.02.2012


 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.