Sjusjøen 19.11.2011:

Postet av Markane IL den 16. Nov 2011

Tarjei Bø går verdscupopninga i langrenn

Tarjei Bø. Foto: Ove Sveen/Fjordingen

Tarjei Bø er ein av fem skiskyttarar som er teken ut til å gå verdscupopninga i langrenn laurdag 19.november. Også Ronny Hafsås frå Stårheim IL stiller til start under laurdagens langrenn i 15 km fri teknikk.

Norges skiforbund skriv i ei pressemelding at 38 løparar derav 19 kvinner og 19 menn, er tekne ut til opningshelga. Uttaket er basert på tidlegare resultat då det ikkje har vore offisielle uttaksrenn denne sesongen.

Dermed er ein ny spennande sesong i gong for Tarjei. Etter fjorårets fantastiske resultat er det all grunn til å følgje med. Opningsrennet vert vist på NRK1 frå kl 13.10


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.