Sandnes 21.07.2011:

Postet av Markane IL den 22. Jul 2011

Tredjeplass til Tarjei Bø i "Lysebotn Opp".

Martin Johnsrud Sundby, Jean Marc Guillard og Tarjei Bø. Foto: Kaja Marie Snare

På pallen: Jean Marc Gaillard, Martin Johnsrud Sundby og Tarjei Bø. Foto:Kaja Marie Snare

Løpet "Lysebotn Opp" vart arrangert for andre gong og innleia årets Blinkfestival. Den krevjande løypa på 7,5 km gjekk bratt opp frå Lysebotn til Ørneredet, 640 meter over havet.

I herreklassen fullførte 52 langrennsløparar og skiskyttarar løpet. I tillegg til nasjonale løparane var her også elitetløparar frå både Frankrike, Tyskland, Sveits og Russland på startstreken. 

Sigeren i herreklassen gjekk til Martin Johnsrud Suundby på tida 30.34,6. Jean Marc Gaillard frå Frankrike vart nummer to 15,3 sekund etter Sundby. Vår eigen Tarjei Bø kom på tredjeplass, 41,3 sekund etter vinnaren.

Johannes Thingnes Bø hevda seg nok ein gong godt blant seniorane og kom inn til 18.plass på tida 33.48,9.

På fredagen gjekk det endå betre for Tarjei då han kom på ein andreplass i fellesstarten Ivan Tcherezov vann løpet medan Martin Fourcade kom på ein tredjeplass.

Siste delen av Blinkfestivalen vart avlyst på grunn av dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya.

Meir informasjon og foto frå skifestivalen Blink er å finne på arrangørens heimeside.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.