Sogndal 16.4.2015:

Postet av Markane IL den 18. Apr 2015

Georg Kristian Halsteinslid til topps i basismeisterskap for vidaregåande skular.

Finalefeltet i basismeisterskap mellom dei vidaregåande skulane. Foto: Ole Karsten Birkeland

Finalefeltet i basismeisterskapet for vidaregåande skular. Vinnarane Ingrid Nordnes (Sogndal vgs) og Georg Kristian Halsteinslid (Stryn vgs) i midten flankert av sølvvinnarane Erlend Solhaug Myklebust (Stryn vgs) og Andrea Hopen (Sogndal vgs). Foto: Ole Kristian Birkeland

 Torsdag 16. april arrangerte Sogndal vgs basismesterskap for elevar som går ved ordninga ”spissa idrettstilbod” ved Stryn vgs, Sogndal vgs og Hafstad vgs. Arrangementet var i samarbeid med Ingrid Narum i Sogn og Fjordane idrettskrins.

Elevar frå dei vidaregåande skulane i Stryn (skiskyting), Sogndal (fotball) og Førde (volleyball) møttest til duell i ei løype som inneheldt fylgjande 8 øvingar: 1) Velte traktordekk 2) Springe med 20 kg (gutar)/ 15 kg (jenter) i kvar hand 3) Spa 30 liter sand 4) Springe med trillebår med sement 100 kg (gutar)/ 75 kg (jenter) 5) Kaste på blink med erteposar 6) Balansere på ein tynn planke 7) Klatre opp klatreveggen 8) Forsere ein bom i brysthøgde 5 gongar.

Øvingane var valde ut slik at ingen av dei skulle gje nokon fordel uansett av kva idrettsgrein elevane kom frå. Ifølgje avdelingsleiaren på idrettsfag, helse- og oppvekst ved Sogndal VGS, Ole Karsten Birkeland er dette øvingar som går på basisferdigheiter, og som er litt inspirert av korleis det er gjort i Mesternes Mester (NRK-program).

Utøvarane konkurrerte i innleiande heat først, der dei to beste tidene frå kvart kjønn gjekk til finale. Hjå gutane vart det ein rein finale mellom skiskyttarar frå Stryn vgs. Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim IL møtte til Georg Kristian Halsteinslid frå Markane IL til finalekamp. Georg gjekk sigrande ut av finalen.

På jentesida møttest fotballspelarane Ingrid Nornes (18) og Andrea Hopen (17), der Nornes kom seg først over målstreken.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.