Svene 6.3.2015:

Postet av Markane IL den 6. Mar 2015

4.plass til Aksel Mathias Meland i HL skiskyting

Pallen i G16 HL skiskyting 2015. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland kom på fjerdeplass i klasse G16  under HL skiskyting i Svene. Frå venstre: Nr 2: Jonas Slettemark Juel frå Fossum IL, nr 1 Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL, nr 3 Lars Hammernes Leopold frå Asker IL og nr 4 Aksel Mathias Meland frå Markane IL. Foto: TSN.

Aksel Mathias Meland gjekk inn til fjerdeplass på normaldistansen under HL skiskyting i Svene i dag. Trass to bom på den første skytinga skilde det til slutt berre 0,7 sekund opptil bronseplassen. Gullet gjekk til Filip Fjeld Andersen frå Geilo som var 44, 3 sek før Aksel i mål. Jonas Slettemark Juel frå Fossum IL kom på andreplass 11,8 sek etter medan bronsen gjekk til Lars Hammernes Leopold frå Asker. Alle dei tre på pallen hadde berre ein bom. I same klasse kom Magnus Arntsen på 105. plass med fem tilleggsminutt. Han var 5 min 26,7 sek etter vinnaren i mål. Sivert Myrold frå naboklubben vår Stårheim IL gjekk seg inn til 7. plass i same klassa.

I klasse J15 fekk Anne-Marie Roset ei fin plassering med 28. plass. Ho fekk også to tillegg på den første skytinga og var 2 min 47.5 sek etter klassevinnaren i mål. I same klassa vart Kari Alsaker nr 57. Ho hadde totalt fire bom og var med det 4 min 12.3 sek etter vinnaren i mål. Klassevinnar vart Benedicte Stien Schreiner frå Bossmo og Ytteren IL. Andreplassen gjekk til Åsne Skrede frå Geilo IL, 12.7 sek etter. Augusta Idland frå Figgjo IL tok bronse, 18.2 sek etter vinnaren. Alle dei tre på pallen hadde to bom.

I klasse G15 var Simon Hjelmeset Kirkeeide nr. 70. Han fekk totalt seks bom og var 4 min 1.9 sek etter i mål. Klassevinnar vart Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL med eitt tilleggsminutt. Andreplassen gjekk seg Magnus Fjerdingen Moan frå Røros IL berre 1.1 sek etter vinnaren. Martin Alfheim frå Bossmo og Ytteren IL tok bronsen, 25.1 sek etter. Magnar Lødemel frå Hornindal IL vart nr 20. Han var 2 min 3.1 sek etter vinnaren med ein bom.

 Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL sikra at Nordfjord var representert på pallen også i dag då ho gjekk inn til sølvplass i klasse J16. Med feilfri skyting var ho 35.1 sek etter vinnaren Juni Arnekleiv frå Dombås IL.

Hovudlandsrennet held fram i morgon med sprint.

 

 

Anne Marie Roset. Foto: TSN

Anne-Marie Roset gjekk inn til ein


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.