Alta 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2015

4.plass til Sogn og Fjordane 1 i stafetten under jr. NM

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk første etappe på Sogn og Fjordane 1. Laget enda til slutt på fjerdeplass i jr.NM. Arkivfoto: TSN

Johan Eirik Meland frå Markane IL gjekk første etappe på Sogn og Fjordane 1 i klasse M17-21. Etter Johan Eirik sin etappe låg Sogn og Fjordane på ein delt første plass med Buskerud 1. Isak Flo Bødal frå Stårheim IL gjekk den andre etappen. Sjølv om det vart to strafferundar etter den ståande skytinga, låg Sogn og Fjordane likevel på ein andreplass ved veksling. Erlend Solhaug Myklebust frå Stårheim gjekk tredje etappe. Alle dei tre laga i teten fekk ein strafferunde på denne etappen og før siste veksling låg Sogn og Fjordane på bronseplass. Trygve Aaland Tryggestad frå Sunnylven gjekk siste etappen for Sogn og Fjordane. Han fekk ein strafferunde på den første skytinga. Sør-Trøndelag kom i stor fart og skaut i tillegg feilfritt. Dermed kneip dei bronsen 13,4 sek før Sogn og Fjordane.Gullet gjekk til Buskerud med Nord Trøndelag tok sølvet.

Også andrelaget til Sogn og Fjordane i klasse M17-21 hadde med løparar frå Markane. Georg Halsteinslid gjekk første og Andreas Halsteinslid tredje etappe. Dei to andre på dette laget var Torgeir Grønningsæter og Lars-Erik Telseth. Andrelaget gjekk tilslutt inn til 23. plass.

Også i M17-18 hadde Sogn og Fjordane eit lag på startstreken. Her var det tre markaneløparar med. Gaute Bø, Odd Sindre Tonning og Grim Nygård gjekk saman med Isak Hopland frå Hardbagg IL. Laget kom på 20. plass. Gullet i klassa gjekk til Buskerud. Oslo og Akershus tok sølvet medan Sør Trøndelag sikra bronsen.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.