Kategori
Holmenkollen 1.2.2015:
Postet av Markane IL den 1. Feb 2015
Oskar Guddal Breivik på 4. plass og Aksel Mathias Meland på 6. plass på normalen.
Oskar Guddal Breivik fekk best plassering av Markaneløparane på normaldistansen med ein 4. plass i G13. Foto: Margunn Hjelmeset, 2013
Også i dag vart det mange fine plasseringar til Markane-løparane då det var klart for normaldistanse i Holmenkollen. Best plassering av alle vart det i dag til Oskar Guddal Breivik som kom på fjerdeplass i klasse G13. Han fekk tre bom på standplass og var 1 min 35 sek etter den klare klassevinnaren, men berre eitt lite sekund bak ein pallplass. Med berre ein bom vann Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL klassa heile 1 min 25 sek før nummer to, Mathias Sørlie frå Lier som også hadde tre bom. Tredjeplassen gjekk til Andreas Kastel frå Gjerdrum IL. Han hadde ein bom og var 1 min 34 sek bak vinnaren. Også Sigurd Fotland Fænn gjorde det godt i klasse G13 med ein 12. plass. Med totalt tre tilleggsminutt var han 2 min 25 sek etter klassevinnaren.
Aksel Mathias Meland kom på ein flott sjetteplass i klasse G16. Sjølv om det vart to bom på siste skyting, var han berre 1 min 18 sek etter Halvor Taalesen Tjøntveit frå Svene IL. Tjøntveit hadde ein bom. Andreplassen i klassa vart delt mellom Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL og Fredrik Grusd frå Fossum IF, 24 sek etter vinnaren. Med sjetteplass i dag er også Aksel ein av fire løparar frå Nordfjord som er klar for Young Star i Holmenkollen!
I klasse G16 deltok også Magnus Arntsen for Markane. Han fekk tre tilleggsminutt på skytingane og gjekk seg inn til ein fin 57. plass av 104 startande i klassa. I klasse G14 kom Magnus Midthjell Gjørven på ein 86. plass med totalt fem tilleggsminutt. Klassevinnar vart Eirik Idland frå Figgjo IL. I klasse G15 kom Simon Hjelmeset Kirkeeide på ein 44. plass til trass for at det vart sju tilleggsminutt på standplass.
Fotoserie frå Team Statkraft Nordfjord og komplett resultatliste nedanfor:
Resultat Bendit Kvalfoss normaldistanse 1.2.2015.
Gjengen frå Markane IL som var på Bendit Kvalfoss-sprinten i helga. Framme frå venstre: Sigbjørn Fænn, Magnus Midthjell Gjørven, Oskar Guddal Breivik, Selma Guddal Breivik, Sigurd Fotland Fænn, Magnus Arntsen, Alf-Ole Arntsen og John Roger Meland. Bak frå venstre: Jan Egil Gjørven, Torstein Breivik, Ingrid Meland, Aksel Mathias Meland, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Wenche Arntsen og Hildegunn Midthjell Gjørven. Foto: Sigbjørn Kirkeeide
Aksel Mathias Mel
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.