Seimsåsen 18.1.2015:

Postet av Markane IL den 19. Jan 2015

Tre sigrar og to andreplassar i SSF-cup

 Pallen i jenter 12 år. Foto: Torstein Breivik

Emilie Flo Stavik vann klasse J12 og Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass. Ida Indrebø frå Jotun IL vart nummer tre. Foto:Torstein Breivik.

Markane IL hadde fem deltakarar på startstreken då L Jotun innbaud til renn på Seimsåsen. Rennet var det tredje i årets SSF-cup og gjekk i fri teknikk. Alle deltakarane frå Markane gjorde ein flott jobb i løypa. Det vart tre klassesigrar og to andreplassar denne helga.

I klasse G11 vart det klassesiger til Torje Seljeset. Han var 11 sekund føre Mathias Helgheim frå Førde IL. I klasse J12 vart det dobbelsiger til MIL med Emilie Flo Stavik på førsteplass. Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass, berre to sekund etter Emilie. Oskar Guddal Breivik kom på andreplass i klasse G13. Han var berre ni sekund etter klassevinnaren Thristan Engebø Ullebø. I klasse G15 vart det klar siger til Simon Hjelmeset Kirkeeide. Han var heile 1 min 51 sek føre Kent Ove Sæten frå Hyen IL.

Fleire foto er lagt ut nedanfor. Fotograf: Torstein Breivik

Resultatliste SSF Cup IL Jotun 18 01 2015 .

Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik i farta.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.