Orkdal 3.1.2015:

Postet av Markane IL den 3. Jan 2015

Resultat frå Norgescup fellesstart i skiskyting

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland vart nummer 32 på fellesstarten i Orkdal. Foto: TSN

Norgescupen i skiskyting er i gong igjen etter juleferien. Helgas renn vert arrangerte i Orkdal og dagens øving er fellesstart. På føremiddagen var seniorklassane og den eldste juniorklassa i aksjon. Det vart litt for mange bom for våre denne gongen til at dei kunne hevde seg heilt i toppen.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til ein 26. plass i seniorklassa, 3 min etter klassevinnaren. Jarle var bra med etter dei to første skytingane, men tre bom på tredje skyting (fire totalt under løpet) vart i meste laget for ei topplassering. Klassa vart vunnen av Erling Aalvik frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb. Tore Leren vart nummer to, 18.5 sek etter vinnaren. Andreas Dahlø Wærnes kom på tredjeplass, 20.3 sek etter førstemann.

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til ein 32. plass. Totalt vart det fem strafferundar og i mål var han 4 min 37 sek etter klassevinnaren Fredrik Mack Rørvik frå Målselv som berre hadde ein bom. Henrik Sagosen Smeby tok andreplassen, 1 min etter medan Simon Ågheim Kalkenberg vart nummer tre i klassa, 1min 5 sek bak.

Også resultata i dei yngste klassane vart prega av ruskete ver og tildels mykje bom. Best plassering av våre fekk Odd Sindre Tonning med ein 37. plass i M17. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 52, Grim Nygård kom på 59. plass og Andreas Halsteinslid vart nummer 64. I klassa for M18 kom Gaute Bø på 58. plass medan Georg Halsteinslid vart nummer 54 i klasse M19.

Resultatliste for DNB cup 2/Statkraft jr cup 3 fellesstart Orkdal 03.01.2015

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.