Hochfilzen 7.12.2013:

Postet av Markane IL den 7. Des 2013

Stafettgull til Norge med Tarjei Bø på tredje etappe!

Tarjei Bø. Foto: FjordingenDet norske stafettlaget tok gull under dagens verdscup i Hochfilzen. Tarjei Bø gjekk tredje etappe på stafettlaget.

Vetle Sjåstad Christensen gjekk første etappe for Norge. Han måtte ta i bruk alle ekstraskota på ståande skyting og inn til første veksling låg Norge ca. 30 sek etter teten på ein 10. plass. Ole Einar Bjørndalen gjekk ein god andreetappe. Trass eit par ekstraskot på ståande gjekk han det norske laget heilt fram i teten. Han sende dermed Tarjei ut i leiing på sin tredje etappe, men Russland følgde berre eitt sekund bak.

Tarjei skaut flott på den liggjande skytinga og gjekk ut i tet saman med Italia. På den ståande skytinga gjekk det noko tråare då alle tre ekstraskota måtte nyttast for å få ned blinkane. Likevel gjekk Tarjei ut i løypa på ein tredjeplass berre ni sekund bak Italia. Med god fart i sporet på sisterunden gjekk Tarjei Norge tilbake i teten og sende ut Emil Hegle Svendsen likt med Russland på sisteetappen. På sisteetappen var det ingen tvil. Med god fart i løypa og berre eit ekstraskot på ståande, sikra Emil Hegle Svendsen norsk siger. Norge var 19,3 sekund føre Sverige som tok andreplassen. Russland vart nummer tre.

Verdcupen held fram i morgon med jaktstart. Her går Tarjei Bø ut som nummer fire.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.