2.plass til Aksel Meland i Norgescupsprint

Postet av Markane IL den 10. Jan 2016

2016-01-09 16.45.05.jpg

Aksel Mathias Meland (Foto: Nordfjord Team) gjekk inn til ein flott andreplass på Norgescupsprinten i dag. Med to feilfri skytingar var han 49.7 sek etter klassevinnar Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL. Bronseplassen gjekk til Eirik Tjøl Thornes frå Molde og Omegn, 1 min 42 sek bak vinnaren med tre rundar.

Klassane M17, 18 og 19 gjekk i dag sprint medan M20-21 og M senior gjekk fellesstart.

Jarle Midthjell Gjørven leverte perfekt skyting på sin fellesstart med fire fulle hus. Han var den einaste i seniorklassa som hadde 20 treff i dag. I mål var han 2 min 40 sek etter klassevinnar Andreas Dahlø Wærnes frå Trondhjems skiskyttere.

I klasse M20/21 kom Georg Kristian Halsteinslid på ein 46. plass i NM fellesstart. Med fire bom var han 5 min 39 sek etter klassevinnaren Ole Andreas Flotten frå Oppdal som hadde tre rundar. Sindre Pettersen frå Nittedal Skiskytterlag kom på andreplass, 5 sek etter med fire bom. Bronsemedaljen gjekk til Isak Flo Bødal frå Stårheim IL, 12 sek bak med tre strafferundar.

I klasse M 18 som gjekk sprint vart Erlend Bakken best av deltakarane frå Markane IL med ein 46.plass. Han hadde tre bom og var med 4min 31 sek etter vinnaren Vebjørn Sørum frå Søndre Ål SK som hadde ein runde. I same klasse vart Odd Sindre Tonning nr 57, også han med fire bom. Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 64 med fem bom, Andreas Halsteinslid nr 69 med fire bom og Grim Nygård nummer 76 med sju rundar.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.