Ein bom frå pallplass

Postet av Markane IL den 2. Apr 2016

Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på ein flott sjetteplass på sprinten under HL skiskyting i Målselv. Berre ein bom skilde opp til ein pallplass i klasse G16.

Simon fekk ein bom på den første og to bom på den andre skytinga. I mål skilde det berre 47 sek opp til klassevinnar Jørgen Solhaug Sæter frå Os IL som berre hadde ein bom. Opptil bronseplassen var differansen på berre 18sek. Bronsen gjekk til Martin Alfheim frå Bossmo og Yttern som hadde to bom. Sølvplassen gjekk til Magnus Moan frå Røros IL, 24 sek etter vinnaren med to bom.

I same klasse vart Magnar Lødemel frå Hornindal IL nr. 58. Også han hadde tre bom totalt.

Anne Marie Roset gjekk inn til premieplass i klasse J16. Ho fekk berre ein bom på kvar av skytingane og vart nummer 18. Ho var 1min 39 sek etter klassevinnar Benedicte Stien Schreiner frå Bossmo og Ytteren som også hadde to bom. Sølvet gjekk til Åsne Skrede frå Geilo IL, 8sek etter vinnaren, medan Ida Solbjørg sikra seg bronse, 28 sek etter vinnaren. Kari Alsaker kom på 32.plass. Ho hadde også to bom og var 2 min 38 sek etter klassevinnaren.

Hovudlandsrennet vert avslutta søndag med stafett.

Resultatlister:

20160402-Jenter-16-sprint-resultatliste-offisiell HL skiskyting.pdf

20160204Offisiell-G16 sprint HL skiskyting.pdf

2016-02-04-HL-Resultatliste-offisiell-HL skiskyting G15.pdf

Anne Marie Roset kom på premieplass i J16. Foto: Markane IL,2015.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.