Kategori
Olden 30.09-01.10.2011:
Postet av Markane IL den 22. Sep 2011
AKTIVITETSLEIARKURS I BARNEIDRETT
Olden, 30.09-01.10.2011
Olden IL inviterer i samarbeid med Norges idrettsforbund til aktivitetsleiarkurs innan barneidrett.
Dette er eit godt tilbod og Markane IL håper det finst medlemmar i laget vårt som ønskjer å delta på kurset!
Styret har vedteke å dekkje heile kursavgifta.
Målgruppe:
-
Instruktørar og leiarar i barneidrett/idrettskular
-
foreldre/føresette
-
ungdom
-
personell i barnehagar/SFO
-
andre som legg til rette fysisk aktivitet for born
Det er ingen krav til førkunnskap og ingen kurseksamen.
Tema:
Kurset skal gje ei innføring i barneidrett generelt.
Korleis lage gode lærings- og aktivitesmiljø?
Tilrettelegging av aktivitetar
Trenarrollen
Teori-praksis
Kurstid:
Fredag 30/9 kl.18.00-21.30
Laurdag 1/10 kl. 09.30-ca. 16.00
Kurslærar er Oddvar Flataker.
Kursavgift:
Heile kursavgifta vert dekka av Markane IL!
OBS! Påmelding:
Offisiell frist for påmelding er torsdag 22. september.
Så dei som ønskjer å delta må bestemme seg snarast!
For at Markane IL skal ha oversikt over kven som deltek, er det fint om alle sender
påmeldinga til epost antoniak@online.no
Laget vidaresender så påmeldingane samla til idrettskrinsen!
Heile invitasjonen finn du utlagt her.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.