Sølv til Johannes Thingnes Bø på VM-jaktstarten

Postet av Markane IL den 18. Feb 2020

(Foto av Christian Bier, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=65545745 )

Etter 4. og 5.plass på den første individuelle øvinga i VM (sprint) var både Johannes og Tarjei klare for å kjempe om medalje på jaktstarten. 

Det vart ein spennande jaktstart under VM i Anterselva søndag. Johannes bomma under første skyting og fekk tidleg avstand opp til russiske Alexandr Loginov som skaut både raskt og feilfritt på dei første tre skytingane. Loginov såg lenge ut til å ta eit nytt VM-gull, men på siste skyting bomma russaren og måtte ut i strafferunde. Då smatt både Johannes og franske Emilien Jacquelin forbi. Dei fekk ein jamn duell innmot mål

Johannes leia jaktstarten på eit tidspunkt, men slapp taktisk forbi franskmannen før det som vart ein særdeles spennande innspurt. Eit lite feilskjær gjorde at Johannes mista fart i siste partien før mål. Dermed vart det franske Jacquelin som sikra seg gullet på jaktstarten. Johannes gjekk i mål 0,4 sekund bak gullvinnaren. Russiske Aleksandr Loginov tok bronsemedaljen.

Tarjei Bø gjekk inn på ein 6. plass på jaktstarten.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline