2.plass til Ane Hjelmeset Kirkeeide i Young Star!

Postet av Markane IL den 22. Mar 2026

Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein flott 2.plass under Young Star i Holmenkollen! Rennet samlar dei beste løparane frå heile landet i 15-16 årsklassane.


Ane leverte feilfriskyting under Young Star og var i mål 1 minutt 37,1 sekund etter Leonora Utheim Svela frå Figgjo IL som vann. Svela hadde ein bom totalt. Tredjeplassen gjekk til Maria Istad Kristiansen frå Voss IL  som  var 1 min56,1 sekund etter vinnaren.

Vi gratulerer!

Foto: Markane IL

Resultat frå BAMA Young Star Holmenkollen jenter: 




Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn

Postet av Markane IL den 10. Mar 2026



Her er resultatlista frå det sjuande cuprennet. Rennet gjekk i fri teknikk og var også lagsrenn for Markane IL


Resultatliste for cuprenn nr 7 i fri teknikk Dato 10.03.2026




Resultatliste for cuprenn nr 6 skicross

Postet av Markane IL den 10. Mar 2026



Tysdag 3.mars var det klart for årets crossrenn i cupen. I lett snødrev gjekk små og store crossløype med ulike utfordringar undervegs. Om ei veke, 10.mars, er det klart for sesongens siste cup


Her er resultatlista: 

Resultatliste for cuprenn nr 6 i skicross 03.03.2026




Resultatliste frå cuprenn 5 i klassisk stil

Postet av Markane IL den 25. Feb 2026

Sesongens femte cuprenn i klassisk stil vart avvikla tysdag 24.februar. Om lag 50 nye og "gamle" cuprenndeltakarar deltok. Dessverre var der litt problem med klokka som stoppa litt seint nokre gongar. Det kan derfor vere at nokre av tidene er unøyaktige.

Resultatliste for cuprenn nr 5 i klassisk stil 24.02.2026




12.plass på fellestarten i OL

Postet av Markane IL den 22. Feb 2026

Etter gull- sølv- og bronsemedalje tidlegare i meisterskapen vart det 12.plass på den avsluttande fellesstarten i OL til Maren Hjelmeset Kirkeeide


Med eit bomskot og dermed ein strafferunde etter første skyting, kom Maren raskt noko bak teten. På den andre liggjande skytinga kom der ein bom til, men med fullt på første ståande var likevel Maren i nærleiken av medaljane inn på siste ståande. Men med to nye bom på siste ståande vart det for langt fram til dei fremste plasseringane denne dagen. Maren gjekk til slutt på ein 12. plass. Best av dei norske vart Karoline Offigstad Knotten med ein 8. plass.

Franske Océane Michelon tok gullet føre franske Julia Simon og tsjekkiske Tereza Obornikova.

Likevel har det vore ein fantastisk OL-debut for Maren med tre medaljar, ein i kvar valør.

Vi gratulerer Maren med suveren innsats!