Gull til Johannes på VM-fellesstarten!

Postet av Markane IL den 23. Feb 2020


Johannes Thingnes Bø sikra seg eit suverent VM-gull på fellesstarten i Anterselva. Tarjei Bø tapte spurten om bronsen og enda på ein fjerdeplass.  (Foto av Christian Bier, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=65545745 )

På den siste øvinga skulle det endeleg bli full klaff for Johannes som så langt i VM hadde to sølv og ein 5. plass i dei individuelle løpa. Johannes låg i tet heile vegen og skaut fire fulle hus, noko han var åleine om mellom dei som kjempa om medaljane undervegs i løpet.

Johannes gjekk utruleg godt på fjerderunde før den siste ståande serien, og auka leiinga frå 17 til 26 sekund. Med nytt fullt hus samstundes som det vart strafferundar på Quentin Fillon Maillet var sisterunden ein rein parade. Fillon Maillet tok sølvet.

Også Tarjei Bø gjekk eit godt løp, men tapte spurten om bronsen og måtte ta til takke med nok ein fjerdeplass. Bronsen gjekk til Emilien Jacquelin.

Vi gratulerer med gullet!




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline