Holmenkollen 23.3.2014:

Postet av Markane IL den 23. Mar 2014

3. plass til Johannes Thingnes Bø i verdscupen samanlagt

-avslutta sesongen med 22. plass på fellesstarten.

Johannes Thingnes Bø. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø sikra seg 3. plass i verdscupen samanlagt. Foto: TSN

Johannes Thingnes Bø kom på ein flott tredjeplass i verdscupen samanlagt. I løpet av sesongen har det blant anna blitt fem verdscupsigrar. Johannes kom også på tredjeplass i sprintcupen samanlagt.

Johannes og Emil Hegle Svendsen duellerte om andre- og tredjeplassen i verdscupen nesten heilt til i mål på dagens løp. Under dagens fellesstar i Holmenkollen måtte Johannes nøye seg med ein 22. plass med Emil gjekk inn til 14. plass. Dermed gjekk andreplassen samanlagt til Emil Hegle Svendsen medan Johannes vart nummer tre samanlagt. Martin Fourcade frå Frankrike vann verdscupen samanlagt. Han vann også dagens fellesstart i Holmenkollen.

Andreplassen på fellesstarten gjekk til Dominik Landertinger, 7 sek etter Fourcade. Jakov Fak kom på tredjeplass, 32.9 sek bak. Best av dei norske vart Ole Einar Bjørndalen på femteplass. Emil Hegle Svendsen vart nummer 14 med totalt tre strafferundar. Johannes fekk totalt fire strafferundar. Tre av desse kom på den første ståande skytinga. Dermed vart det ein 22. plass i verdscupavslutninga.

Vi gratulerer med 3.plassen!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.