Hummelfjell TOS Arena 9.3.2014:

Postet av Markane IL den 9. Mar 2014

5.plass til Sogn og Fjordane i NM mixstafett M17-21

Johan Eirik Meland. Foto: Sigbjørn Myklebust/TSN

Johan Eirik Meland gjekk siste etappe på NM-laget til Sogn og Fjordane i mixstafett 17-21. Foto: TSN

 Der var i dag klart for NM i mixstafett under junior-NM skiskyting på Hummelfjell TOS Arena. Markane hadde fire deltakarar i aksjon på fire ulike lag. Best gjekk det for Johan Eirik Meland som gjekk ankeretappen for Sogn og Fjordane i klasse 17-21. Med seg på laget hadde han syskena Heidi og Isak Flo Bødal frå Ståheim IL.

Heidi Flo Bødal gjekk første etappe på mixstafetten. Ho måtte ut i to strafferundar på den ståande skytinga. Sogn og Fjordane veksla likevel på ein femteplass berre 31 sek bak teten.

Isak Flo Bødal gjekk andre etappe og kom seg gjennom dei to skytingane utan strafferundar. Oslo og Akershus lag 1 gjekk ein del frå resten av feltet på etappen. Ved siste veksling leia Oslo og Akershus med 26 sek på Nord Østerdal. Oppland følgde like bak, 31 sek etter leiarlaget medan Sogn og Fjordane låg på ein sjetteplass 1 min 1 sek etter teten.

Johan Eirik Meland gjekk siste etappen for Sogn og Fjordane. Også han kom seg gjennom dei to skytingane utan strafferundar. Avstanden opp til teten heldt seg nokså konstant gjennom etappen. Nord Østerdal gjekk ein svært god etappe og gjekk til slutt inn til NM-gull. Oslo og Akershus sikra sølvet 17 sek bak medan Oppland tok bronsen 42 sek etter vinnaren. Sør-Trøndelag følgde på fjerdeplass 53 sek etter vinnarlaget medan Johan Eirik gjekk laget frå Sogn og Fjordane opp ei plassering til 5. plass, 1 min 3 sek etter vinnaren.

I den same klassa gjekk Grunde Breidablik siste etappe for Sogn og Fjordane lag 2 som kom i mål til ein 29. plass. I tillegg til Grunde gjekk Kristin Heggen og Steinar Aaland på Sogn og Fjordane lag 2.

Tidlegare i dag hadde Sogn og Fjordane to lag i aksjon i klasse NM mix 17-18. Georg Kristian Halsteinslid gjekk andre etappe på Sogn og Fjordane 1. På dette laget gjekk også Karoline Erdal og Erlend Solhaug Myklebust. Laget kom på ein 16. plass. Gaute Bø gjekk siste etappe på Sogn og Fjordane 2. Dei andre på laget var Inga Elise Vik og Sindre Kiviranta. Laget kom til slutt på ein 31. plass. NM-gullet gjekk til Oslo og Akershus. Oppland sikra sølvet og Nord Trøndelag tok bronsen.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline