Hummelfjell TOS Arena 8.3.2014:

Postet av Markane IL den 8. Mar 2014

Johan Eirik Meland nr 2 på NC-supersprint

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland tok andreplassen i NC supersprint i dag. Foto: TSN, 2014

 Det vart ny pallplassering til Johan Eirik Meland på supersprinten i dag der han gjekk inn til ein flott andreplass. Supersprinten er ikkje NM øving, men inngår i Norgescupen.

Supersprinten starta med prolog der dei 30 beste kvalifiserte seg til finalen. Johan Eirik gjekk inn til ein stødig 19. plass i prologen og var med det klar for finalen.

Finalen i supersprinten består av fire skytingar med tre ekstra skot på kvar skyting. Johan Eirik var med i teten av finalefeltet heile vegen.

Vemund Ravnsborg Gurigard gjekk etterkvart fram i leiinga. Ut frå siste skyting var differansen ned til nummer to 15 sek. Dette var nok til å sikre sigeren. Ut på sisterunden låg Thomas Berge Foyn på andreplass, Johan Eirik Meland var på tredjeplass 19 sek bak leiaren og Andreas Kvam på fjerdeplass 23 sek bak leiaren. Det vart eit jamnt oppgjer innmot mål der Johan Eirik sikra seg sølvplassen ved å spurtslå Andreas Kvam frå Meldal IL. I mål skilde det berre 6,6 sek frå Johan Eirik og fram til vinnaren Vemund Ravnsborg Gurigard frå Vingrom IL. Andreas Kvam frå Meldal tok tredjeplassen berre fire tideler bak Johan Eirik.

I klasse M19 kom Grunde Breidablik på ein 49. plass i prologen og det vart dermed ikkje finale. Han kom seg gjennom med prologen med to fulle hus, men farten i løypa var ikkje god nok til å kvalifisere seg til finalen. Gaute Bø kom heller ikkje til finalen i klasse M17.

I klasse M18 kvalifiserte Georg Kristian Halsteinslid seg til finalen. I finalen vart det to strafferundar etter at alle ekstraskota var brukt opp, på den tredje skytinga. I mål heldt det til ein 28. plass. Differansen opp til klassevinnar Jonas Uglem Mobakken frå Oslo SSL var på 2 min 41.9 sek.

Resultatliste DNB cup 6 Statkraft junior cup 5 supersprint Alle klasser Dato 8.3.2014


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline