Presque Isle 7.3.2014:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2014

4. plass til Norge på stafetten i junior-VM

Jarle Midthjell Gjørven gjekk tredje etappe. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god etappe for Norge på stafetten i junior-VM og veksla på ein andreplass. Til slutt måtte Norge likevel nøye seg med 4. plassen. Arkivfoto: TSN

 Det norske laget med Martin Femsteinevik, Håkon Svaland, Jarle Midthjell Gjørven og Tore Leren låg an til medalje heilt inn til den siste ståandeskytinga, men enda til slutt på ein 4. plass.

Martin Femsteinevik gjekk første etappe for det norske laget. Han var med heilt i teten gjennom heile etappen. På den første skytinga måtte det til eit ekstraskot og på den andre skytinga to ekstraskot for å få ned blinkane. Tyskland og Norge bytte på å leie og ved veksling låg det norske laget på ein andreplass berre 3.9 sek etter Tyskland. Kazakhstan følgde på tredjeplass 18 sekund bak.

Håkon Svaland gjekk andre etappe. Han måtte bruke alle tre ekstraskota på den liggjande skytinga, men held likevel andreplassen 12.9 sek bak Tyskland. På den ståande skytinga kom det ein strafferunde både for Norge og Tyskland. Frankrike overtok leiinga medan Tyskland gjekk ut på andreplass 12.7 sek bak og Norge på tredjeplass 18.6 sek bak. Innmot veksling gjekk Norge forbi Tyskland og Jarle gjekk ut på sin tredje etappe berre 5 sek etter Frankrike. Tyskland på tredje var 13 sek etter Frankrike.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk ein god tredje etappe. Han kom seg gjennom liggjande skyting med berre eit ekstraskot. Tyskland hadde overteke leiinga med Norge hakk i hel, 6.5 sek bak. Frankrike følgde på tredjeplass 21 sek bak. På den ståande skytinga måtte Jarle bruke to ekstraskot, men også dei næraste konkurrentane måtte til med ekstraskot for å få ned blinkane. Tyskland og Norge gjekk frå Frankrike i sporet. Inn til siste veksling leia Tyskland med 13.8 sek til Norge. Russland hadde overteke tredjeplassen, men var heile 1 min 1 sek bak. Frankrike følgde på fjerde 1 min 3 sek etter leiaren.

På den siste etappen gjekk Tore Leren for Norge. Både Norge og Tyskland skaut feilfritt på liggjande. Tyskland gjekk ut frå liggjande skyting 20 sek føre Norge. Frankrike og Russland var 1 min 19 sek bak. På den siste ståande skytinga gjekk det gale for det norske laget. Etter tre ekstraskot stod det framleis tre blinkar att. Dermed vart det tre strafferundar og både Frankrike og Russland passerte Norge. Ut frå siste skyting skilde det 28 sek frå Norge og fram til ein pallplass. Det vart for mykje.

Tyskland sikra VM-gullet 52.5 sek føre Frankrike på sølvplass. Russland kom på bronseplass 1 min 1 sek etter vinnaren. Norge vart nummer 4. Differansen fram til vinnarlaget vart til slutt 1 min 45 sek.

Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle stafett menn Dato 7.3.2014.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.