Hummelfjell TOS Arena 7.3.2014:

Postet av Markane IL den 7. Mar 2014

NM-bronse til Johan Eirik Meland på fellesstarten!

Tommy Grøtte, Anders Trønsdal Lyngstad og Johan Eirik Meland. Foto: Os IL

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til NM-bronse på fellesstarten. Her saman med gullvinnar Tommy Grøtte og sølvvinnar Anders Trønsdal Lyngstad. Foto: Os IL

Det vart ein fin start på NM-helga for Markane IL og Johan Eirik Meland. I klasse M20-21 gjekk han seg inn til bronsemedalje.

Med to feilfrie liggjande seriar var Johan Eirik med i teten heilt frå start. Inn til tredje skyting var det Johan Eirik som leia fellesstarten, men på den første ståande skytinga kom det to strafferundar. Fleire av konkurrentane skaut også på seg ein og to rundar. Dermed var det framleis mogleg å hevde seg i toppen med ein god siste serie. Inntil den siste skytinga låg Johan Eirik på ein sjuandeplass. Differansen fram til leiaren på dette tidspunktet var på 50 sek, men det skilde berre 7  sek opptil pallen. Johan Eirik skaut fem treff så siste ståande og dermed var det gode sjanser om å sikre pallplassen.

Tommy Grøtte frå Trondhjems Skiskyttere tok gullet på fellesstarten. Han var i mål etter 36 min 23.7 sek med tre strafferundar. Sølvet gjekk til Anders Trønsdal Lyngstad frå Inderøy. Han var 12.1 sek bak med berre ein str afferunde. Johan Eirik Meland sikra seg NM-bronsen berre 15 sek etter vinnaren med to strafferundar.

På ettermiddagen vart det sterk vind og vanskelege forhold. Det vart mange bom for dei fleste. Markane-løparane i dei yngre klassane fekk ein tung dag på standplass og plasserte seg dermed litt ned på listene.

I klasse M19 vart Grunde Breidablik nummer 45 etter å ha skote på seg totalt 16 strafferundar. NM-vinnar vart Lars Aasheim Svaland frå Birkenes IL med åtte strafferundar. Ole Andreas Flotten frå Oppdal IL sikra sølvet 3.2 sek bak vinnaren. Han hadde sju strafferundar. Bronsen gjekk til Sondre Bollum frå Gjøvik IL som var 16.6 sek etter gullvinnaren med totalt ni strafferundar.

I klasse M18 vart Georg Kristian Halsteinslid nr 48 med totalt 15 strafferundar. Han var med det 7 min 17 sek bak gullvinnaren på fellesstarten Even Nordbø frå Fyresdal SSL som kom seg gjennom dei fire skytingane med ni strafferundar. Sølvet gjekk til Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL. Han var 2.4 sek etter vinnaren med ti rundar. Bronsen gjekk til Hogne Findal Skar frå Sannidal IL 7.2 sek bak vinnaren med totalt fem strafferundar.

Gaute Bø braut løpet i klasse M17 etter fjerde skyting. Klassevinnar vart Sverre Dahlen Aspenes frå Skatval Skilag.

På grunn av vindforholda vart klasse K17 og K18 utsett på grunn av forholda. Tidlegare på dag kom Mari Sollid Eide frå Stårheim IL/Team Statkraft Nordfjord på ein fin 5. plass i klasse K19. Kristin Bugge Lyche frå Bærum Skiklub vann klassa.

Resultatliste NM/NC Fellesstart. Alle klasser. Hummelfjell Arena TOS 7.3.2014.

Vi gratulerer Johan Eirik med NM-bronse!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline