Gåsebu 2.3.2014:

Postet av Markane IL den 2. Mar 2014

7.plass til Sogn og Fjordane I på stafetten i G15-16

Sogn og Fjordane lag 1. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk tredje etappe på Sogn og Fjordane I som var nummer 7 på stafetten på HL. Frå venstre: Jonas Skjeldestad Hove, Sedrik Engebø Ullebø, Aksel Mathias Meland og Jon Rolf Skamo Hope. Foto: TSN

På Hovudlandrennet sin siste dag var det klart for stafettar. Aksel Mathias Meland gjekk tredje etappe på Sogn og Fjordane 1 som til slutt vart nummer 7. Odd Sindre Tonning gjekk siste etappe på Sogn og Fjordane 2 som kom på 43.plass. Totalt deltok 145 lag i stafetten for G15-16. Dermed sikra også andrelaget til Sogn og Fjordane seg ein premieplass.

På Sogn og Fjordane 1 gjekk Jonas Skjeldestad Hove frå Sogndal IL, Sedrik Engebø Ullebø frå Førde IL, Aksel Mathias Meland frå Markane IL og Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL.

Jonas Skjeldestad Hove gjekk første etappe. Ved veksling låg Sogn og Fjordane 1 på ein 22. plass, men det skilde berre 34 sekund fram til leiarlaget. Sedrik Engebø Ullebø hadde beste etappetid på den andre etappen og gjekk laget opp til ein 10.plass, 23 sekund bak teten.

På tredje etappe gjekk Aksel Mathias Meland Sogn og Fjordane opp til ein 8. plass. Dei tre fremste laga gjekk svært godt på denne etappen og skaffa seg ei luke til resten av feltet som heldt heilt til mål. Ved siste veksling skilde det 53 sekund frå Aksel til teten. Jon Rolf Skamo Hope gjekk siste etappe for Sogn og Fjordane. Han gjekk laget fram endå ein plass til ein flott 7. plass. Differansen fram til vinnarlaget frå Akershus vart til slutt på 1 min 3 sek. Akershus var i mål på dei 4x5 kilometerane etter 54:53,6. Sølvet gjekk til Buskerud som var 9,6 sek bak i mål. Sør Trøndelag sikra bronsen, 18.1 sek etter vinnaren.

Også Sogn og Fjordane 2 kan vere fornøgde med innsatsen etter å ha gått seg inn til premieplass. Til slutt vart det ein 43. plass av totalt 145 lag. Avstanden fram til vinnaren vart på 5 min 6 sek. På andrelaget gjekk Andreas Hetle få Breimsbygda IL, Vegard Aafedt Bukve frå Jotun IL, Brage Burø Sunde frå Førde IL og Odd Sindre Tonning frå Markane IL.

Resultatliste Hovudlandsrennet Vang stafett G15-16 Dato 2.3.2014

Sogn og Fjordane lag 2. Foto: Odd Kjetil Tonning

Sogn og Fjordane lag 2 får utdelt velfortente premiar for innsatsen. Frå venstre: Odd Sindre Tonning, Brage Burø Sunde, Vegard Aafedt Bukve og Andreas Hetle. Foto: Odd-Kjetil Tonning

 

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline