Presque Isle 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2014

Jarle Midthjell Gjørven på 9.plass på sprinten i jr.VM

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven innleia junior-VM med ein 9.plass. Arkivfoto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven innleia junior-VM i Presque Isle med ein flott 9. plass. Han var med dette den nestbeste norske løparen i dag.

Jarle starta med ein feilfri serie på den liggjande skytinga og var med dette med heilt framme i teten. Ut på den andre runden låg han åtte sekund etter leiaren på dette tidspunkt. På veg inn til den andre skytinga var Jarle heilt oppe på ein femteplass, men på den ståande skytinga kom det eit bomskot. Dermed var det ein tur i strafferunden.

I mål heldt det til ein fin 9. plass for Jarle. Det skilde 53,2 sek fram til dagens vinnar, Alexander Povarnitsyn frå Russland som også hadde ein runde. Beste norske i dag vart Tore Leren som skaut feilfritt og gjekk inn til sølvmedalje, 13.4 sek bak vinnaren. Eduard Latypov frå Russland tok bronsen, 16.2 sek etter vinnaren.

Dei andre norske plasserte seg slik: Martin Femsteinevik nr 11 (0-1) og Sondre Kvikne Dotterud nr 38 (1-2)

Junior-VM held fram i morgon 2.mars med jaktstart.

 Resultatliste jr VM skiskyting Presque Isle sprint menn 1.3.2014


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline