Voss 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2014

God deltaking frå Markane på skiskyttarrenn på Voss 

Georg Kristian Halsteinslid vann G18 og fekk diamanten. Foto: Torstein Breivik 

Georg Kristian Halsteinslid vann klasse M18 og fekk diamanten for feilfri skyting. Her saman med dei andre diamantvinnarane. Foto: Torstein Breivik

 Det er ikkje så mykje snø å finne i Nordfjord for tida. Dermed reiste ein god gjeng frå Markane og Stårheim til Voss for å gå skiskyttarrenn denne helga. I alt åtte løparar frå Markane IL deltok på dagens sprint.

 I klasse G12 vart det klar klassesiger til Oskar Guddal Breivik. Sjølv om det vart fire bom, var han likevel 57 sek føre Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen som vart nummer to. Sigurd Fotland Fænn vart nummer fem i same klassa med totalt sju strafferundar. Han var 2 min 1 sek etter vinnaren.

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk inn til ein 6. plass i G14. Sjølv om det vart ni bom på standplass i dag, var han berre 1 min 53 sek etter klassevinnaren Erlend Solvang frå Hålandsdal IL.

I klasse G16 plassert deltakarane frå Markane seg på rekke og rad. Andreas Halsteinslid vart nummer fire (40 sek bak med to bom), Håkon Midthjell Gjørven nummer fem (44 sek bak med tre bom) og Grim Nygård nummer seks (59 sek bak med to bom). Klassevinnar vart Matias Lote Henden frå Stårheim IL med tre bom. Magnus Arntsen kom på femteplass i klasse G15. Han var 1 min 44 sek bak klassevinnaren Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL. Begge fekk fem strafferundar under dagens løp.

Best resultat av våre i dag fekk Georg Kristian Halsteinslid som vann klasse M18 med feilfri skyting. Han var dermed ein av sju løparar som blei tildelt diamanten. Espen Segrov Nes frå Fana tok andreplassen i klassa, 7 sek bak med ein bom. Tredjeplassen gjekk til Arild Fosse frå Voss IL.

I morgon er det klart for fellesstart for klassane frå 13 og oppover. For dei yngste klassane er det eit nytt sprintløp. Dermed blir det nye sjansar til å treffe endå fleire blinkar og gå endå fortare i løypa.

Komplett resultatliste frå dagens løp nedanfor:

Resultatliste Sport 1 cup 8 Voss skiskyting sprint 1.mars 2014.

Oskar Guddal Breivik vinnar av G12.  Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik vann klasse G12. Her på pallen saman med Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen IL og Anders Aalvik Stranden frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb. Foto: Torstein Breivik

Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven og Grim Nygård. Foto: Torstein Breivik

Markane sine deltakarar i klasse G16: Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven og Grim Nygård. Foto: Torstein Breivik

Georg på pallen. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinlid på toppen av pallen i M18. På andreplassen Espen Segrov Nes frå Fana IL. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik på toppen av pallen i G12. foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik frå Markane IL på pallen saman med nr 2 Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen IL og nr 3 Anders Aalvik Stranden frå Kvam langrenn og skiskyttarklubb. Nr 4 Erling Finden frå Vik IL. Nr 5 Sigurd Foland Fænn, Markane IL. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Oskar Guddal Breivik og Sigurd Fotland Fænn. Foto: Torstein Breivik

Sigurd, Simon, Oskar og Grim. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn, Simon Hjelmeset Kirkeeide, Oskar Guddal Breivik og Grim Nygård ved biljardbordet. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinslid. Foto: Torstein Breivik

Klassevinnar Georg Kristian Halsteinslid i målområdet

Alf-Ole Arntsen. Foto: Torstein Breivik

Alf-Ole Arntsen ved standplassen. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinslid. Foto: Torstein Breivik

Georg Kristian Halsteinslid i løypa. Foto: Torstein Breivik

Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik. Foto: Torstein Breivik

Deltakarane frå Markane i klasse G12: Sigurd Fotland Fænn og Oskar Guddal Breivik

Torstein Breivik og Sigurd Fotland Fænn var dei einaste som bada...

Gjengen frå Markane og Stårheim på Peppes pizza. Foto: Torstein Breivik


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline