Gåsbu 1.3.2014:

Postet av Markane IL den 1. Mar 2014

Flott innsats på sprinten i HL2014!

-Aksel Mathias Meland nr 7 i klasse G15

Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland vart nr 7 på fri teknikk sprint under HL 2014. Foto: TSN (frå gårsdagens klassiskrenn)

 Både Aksel Mathias Meland og Odd Sindre Tonning gjekk inn til plasseringar i toppen av sine klasser under sprinten i fri teknikk på HL2014. Aksel Mathias Meland kom heilt til semifinalen og vart nummer 7 av 335 deltakarar i G15. Også Odd Sindre Tonning gjekk eit godt løp og vart nummer 99 i klasse G16 på prologen.

I klasse G15 gjekk Aksel Mathias Meland lett vidare frå prologen med nest best tid. Han var gjennom prologen på 2 min 9 sek. Berre hundredeler skilde opp til Bjørnar Stensrud Tyribakken frå Nesbyen IL som var raskast i prologen. I kvartfinalen kom Aksel på tredjeplass i sitt heat og var med det kvalifisert til semifinalen. Alle dei tre som kvalifiserte seg til finalen, var innanfor ein tidsdifferanse på berre ein hundredel.

I semifinalen hadde ikkje Aksel hundredelane på si side. Det vart ein fjerdeplass i heatet berre to hundredeler bak tredjeplassen som hadde gjeve finalebillett. Dermed blei det 7. plass til Aksel i dag ei flott plassering i ei klasse med 335 deltakarar. Vinnar av sprinten for G15 vart Bjørnar Stensrud Tyribakken frå Nesbyen IL. Vinnartida i finalen vart 7:22:03. Andreplassen gjekk til Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL, to hundredeler bak vinnaren medan Kristoffer Ramsberg frå Kolbukameratane tok tredjeplassen, tre hundredeler etter vinnaren.

I klasse G16 gjekk sprintsigeren til Magnus Bøe frå Fossum IF med tida 7:31:58. På andreplass og berre to hundredel bak, følgde Johannes Bjertnes frå Jevnaker Idrettsforening ski. Tredjeplassen gjekk til Sedrik Engebø Ullebø frå Førde IL. Han hadde same tid som andreplassen, men vart dømd bak i mål.

Det var utruleg jamnt på dagens sprint. Frå Odd Sindre Tonning sin 99.plass i prologen og opp til 30.plassen som kvalifiserte til deltaking i finaleunden skilde det under 7 sekund. For dei som ikkje gjekk til finalerunden på sprinten var det klart for langrennscross seinare i dag. Odd Sindre gjekk her inn til ein 27. plass av dei 184 som deltok i crossen i klassa G16. Han var berre 18 sekund etter den kjappaste i crossløypa, Ole Haldor Ensrud frå Trøsken IL som vann på 3 min 58 sek. Han var to sekund før Ole Marius Kirkeng frå Ros IL på andreplass. Gaute Lund frå Vinne Skilag og Axel Østby frå Heming IL delte tredjeplassen, fire sekund bak vinnaren. Om nokon ønskjer å sjå korleis årets crossløype var laga, så ligg det video utlagt her.

 Resultatliste for Hovudlandsrennet sprint friteknikk Klasse G15 Dato 1.3.2014.pdf

Resultatliste for Hovudlandsrennet sprint friteknikk Klasse G16 Dato 1.3.2014.pdf

Resultat Hovudlandsrennet langrennscross G16 Dato 1.3.2014.pdf

Odd Sindre Tonning. Foto: TSN

Odd Sindre Tonning vart nummer 99 i klasse G16. Foto: TSN


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline