Orkdal 23.2.2014:

Postet av Markane IL den 23. Feb 2014

5.plass til Sogn og Fjordane på stafetten for G15/16

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven gjekk første etappe på Sogn og Fjordane sitt stafettlag i klasse G15-16. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 Sogn og Fjordane sitt stafettlag i klasse G15-16 år gjekk seg inn til 4. plass under HL skiskyting i dag. På laget gjekk tre frå Markane og ein frå Stårheim: Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Matias Lote Henden frå Stårheim IL og Aksel Mathias Meland. 

 Sogn og Fjordane sitt lag var med i teten gjennom heile løpet. Håkon Midthjell Gjørven gjekk første etappe. Han skaut feilfritt og veksla på ein niande plass. Feltet var svært tett og det skilde berre 34 sek opp til leiarlaget.

Andreas Halsteinslid gjekk andreetappe. Han kom seg også gjennom etappen utan strafferundar og gjekk Sogn og Fjordane fram til ein femteplass. Differansen fram til Oslo og Akershus som leia var på 57 sek medan det skilde 45 sek opp til Nord-Trøndelag og Nord Østerdal som låg på delt andreplass.

Matias Lote Henden som gjekk den tredje etappen, forsvarte femteplassen. Også han kom seg gjennom dei to skytingane utan strafferundar. Oslo og Akershus leia no ganske klart med 44 sek differanse til Nord Østerdal. Frå Sogn og Fjordane og opp til tredjeplassen var det om lag 30 sek.

Aksel Meland gjekk den siste etappen for Sogn og Fjordane. Sjølv om det vart ein strafferunde på første skyting, heldt han likevel laget si plassering og gjekk inn til ein fin femteplass. Oslo og Akershus vann stafetten. Dei var 1 min 22 sek føre Nord-Østerdal på andreplass og 1 min 47 sek føre laget frå Buskerud  på tredjeplass. Sogn og Fjordane var 2 min 31 sek bak vinnaren på sine femteplass.

 Telemark og Vestfold hadde fått registrert eitt minutt for dårleg tid i mål på dei første "live"-resultatlistene. Dermed vart Sogn og Fjordane si plassering justert til femteplass då dei offisielle listene kom.

Markane IL hadde også ein løpar med på Sogn og Fjordane sitt lag i klasse G15. Magnus Arntsen gjekk den andre etappen på dette laget. Dei andre på 15-års laget var Johan Olav Smørdal Botn, Sivert Myrold og Vegard Skrede. Også dette laget gjorde ein fin innsats i stafetten og kom til slutt på ein 11. plass av totalt 26 lag.

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal Stafett-G-15 Dato 23.2.2014

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal Stafett-G-15-16-år Dato 23.2.2014

Stafettlaget til Sogn og Fjordane G15-16. Foto: TSN

5. plass til Sogn og Fjordane sitt lag i G15-16. Frå venstre: Håkon Midthjell Gjørven, Andreas Halsteinslid, Matias Lote Henden og Aksel Mathias Meland. Foto: TSN

 

 

Sogn og Fjordane sitt lag i klasse G15. Foto: TSN

Sogn og Fjordane sitt lag i G15 kom på 11. plass.

Vegard Skrede, Sivert Myrold, Magnus Arntsen og Johan Olav Smørdal Botn. Foto: TSN


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.