Orkdal 23.2.2014:

Postet av Markane IL den 23. Feb 2014

Grim Nygård vinnar av fellesstarten

Grim Nygård vann fellesstarten i HL. Foto: John Roger Meland

Grim Nygård vann fellesstarten under HL skiskyting 2014. Foto: John Roger Meland (KM Vik)

På den siste dagen under HL skiskyting i Orkdal var det klart for stafettar og fellesstartar. Markane hadde to løparar til start på fellesstarten for klasse G16, Grim Nygård og Odd Sindre Tonning.

Grim Nygård leia fellesstarten frå start til mål. Han skaut feilfritt på den første serien og kom seg også gjennom den andre med berre ein bom. Også dagens andremann på fellesstarten, Asle Lyngroth Tønnesen frå Froland IL, klarte seg gjennom dei ti skota med berre ein bom. Grim gjekk raskast av dei to i sporet og i mål skilde det 42 sek ned til andreplassen. Eirik Jonskås frå Drangedal tok tredjeplassen. Han fekk totalt to strafferundar og var 44 sek bak Grim i mål.

Også Odd Sindre Tonning gjekk eit godt løp og kom på fjerdeplass. Han var 1 min 7 sek etter vinnaren i mål. Det skilde dermed berre 23 sek opp til tredjeplassen sjølv om det vart tre strafferundar på kvar av skytingane i dag.

Resultatliste Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal-Fellesstart Dato 23.2.2014

Pallen på fellesstarten i klasse G16. Foto: TSN

Pallen for fellesstarten i klasse G16: 1. Grim Nygård, 2. Asle Lyngroth Tønnesen, 3. Eirik Jonskås, 4. Odd-Sindre Tonning. Foto: Team Statkraft Nordfjord

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline