Sotsji 22.2.2014:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2014

Norge med Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på laget, leia stafetten lenge men vart til slutt nr 4.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø gjekk flotte stafettar på dagens OL-stafett, men Norge vart til slutt nummer fire.

 Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø utgjorde saman med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen det norske OL-stafettlaget. Norge leia lenge stafetten etter svært gode etappar av både Tarjei og Johannes, men laget enda til slutt på ein fjerdeplass.

Tarjei Bø gjekk første etappe. Han skaut feilfritt på den første skytinga og gjekk ut på andrerunden på tredjeplass berre sekund bak leiarlaga. Også den ståande skytinga kom Tarjei seg gjennom utan ekstraskot. Dermed gjekk han ut i tet saman med Tyskland. Inn til første veksling gjekk Tarjei frå Tyskland og hadde ei leiing på omlag 10 sek då han veksla med Johannes.

Johannes Thingnes Bø gjekk andre etappe. Han måtte bruke eit ekstra ekstraskot på første skyting, men gjekk ut på andrerunden berre om lag fem sekund etter Tyskland. På den ståande skytinga skaut Johannes raskt og feilfritt medan dei næraste konkurrentane måtte ta fram ekstraskota. Inn til andre veksling skilde det 20 sek til Tyskland medan Russland, Austerrike, Italia og Slovenia var 30 sek.

Ole Einar Bjørndalen gjekk tredje etappe. Han skaut feilfritt på begge seriane og ut frå ståande skyting var differansen til Tyskland 22 sek og til Russland 30 sek. Bjørndalen tapte i løypa inn til veksling og ut på siste etappe låg Norge og Tyskland så godt som likt medan Austerrike, Russland og Slovenia følgde 17 sek bak.

Emil Hegle Svendsen måtte bruke eit ekstraskot på første skyting. Det måtte også Tyskland. Utpå den andre runden gjekk fire lag ut så godt som samstundes: Norge, Tyskland, Russland og Østerrike. På den siste skytinga gjekk det ikkje Norge si veg. Emil Hegle Svendsen fekk ein bom på dei fem første skota og bomma deretter på alle tre ekstraskota. Dermed måtte Norge ut å gå strafferunde og hamna omlag 30 sek bak Austerrike som heldt bronsen.

Russland sikra seg sigeren på stafetten. Tyskland gjekk inn til sølv 3,8 sek bak vinnaren. Austerrike fekk bronse, 29 sek bak vinnaren. Norge gjekk i mål til ein fjerdeplass, 54.4 sek bak gullvinnaren.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline