Orkdal 22.2.2014:

Postet av Markane IL den 22. Feb 2014

7. plass til Aksel Mathias Meland på sprinten i HL

Aksel Mathias Meland under HL skiskyting. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland ut frå start på normalen i HL skiskyting. Foto: TSN

Aksel Mathias Meland gjekk seg inn til ei ny flott plassering med 7. plass i klasse G15 på sprinten i HL skiskyting i Orkdal. Sjølv om det totalt vart tre strafferundar etter to bom på første og ein bom på andre skyting, skilde det berre 14, 1 sek opp til dagens vinnar Torjus Idland frå Figgjo IL som berre hadde ein strafferunde. Sindre Vassdal Johannessen frå Hernes IL kom på andreplass 2 sek bak vinnaren med to strafferundar. Filip Fjeld Andresen frå Geilo IL tok tredjeplassen. Han var berre 5,8 sek bak vinnaren til trass for fem rundar.

 I same klasse vart Magnus Arntsen nummer 69. Han skaut feilfritt på den første serien og låg heilt oppe på ein tiandeplass ut på andrerunden. På den andre skytinga kom det derimot fire strafferundar. Dermed vart det ei plassering omtrent akkurat midt i det store feltet med heile 133 løparar på start. I mål skilde det 2 min 17 sek opp til vinnaren.

Tidlegare i dag var klasse G16 i aksjon. Best av våre vart Andreas Halsteinslid som gjekk inn til ein solid premieplass, då han vart nummer 34 i klassa. Han skaut feilfritt på den første serien medan det vart ein bom på den andre. I mål skilde det 1 min 44 sek opp til dagens klassevinnar Øyvind Aalling Lio frå Bjerke IL som hadde to feilfrie seriar. Benjamin H. Skaaheim frå Skoppum IL vart nummer to. Han hadde ein runde og var 6.2 sek bak vinnaren. Håkon Rybråten vart nummer tre, 7.5 sek etter vinnaren med feilfri skyting.

Håkon Midthjell Gjørven vart nummer 55 i dag. Han fekk to strafferundar på den første serien og ein runde på den siste. I mål skilde det 2 min 16 sek fram til vinnaren. Grim Nygård vart nummer 89 med to bom på kvar av skytingane. Differansen opp til vinnaren var på 3 min 5 sek. Odd Sindre Tonning låg fint plassert midt i feltet etter to bom på den første serien, men med fem strafferundar på siste serien vart det ein 105. plass i mål.

Offisiell resultatliste for Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal sprint G15år 22.2.2014

Offisiell resultatliste for Hovedlandsrennet skiskyting Orkdal sprint G16 år 22.2.2014


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline