Orkdal 21.2.2014:

Postet av Markane IL den 21. Feb 2014

Aksel Mathias Meland vann normaldistansen Hovudlandsrennet i skiskyting!

Aksel Meland gjekk til topps i Hovedlandsrennet. Foto: TSN 

Aksel Mathias Meland vann klasse G15 i Hovudlandsrennet i skiskyting, Orkdal. Her på pallen saman med Halvor Taalesen Tjønntveit og Sigurd Trømborg. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Aksel Mathias Meland gjekk heilt til topps på normaldistansen i klasse G15 under Hovudlandsrennet i skiskyting i Orkdal!

Aksel var med i heilt framme i teten gjennom heile løpet. Etter feilfri første skyting og stor fart i løypa leia Aksel med heile 27 sek ned til andremann ut på den andre runden. På den andre skyteserien kom det ein bom og dermed 30 sek i tillegg på tida. Dermed låg Aksel her på ein andreplass, men med berre 8 sek differanse opp til Halvor Taalesen Tjønntveit frå Svene IL som skaut to fulle hus. Sisterunden til Aksel var det derimot ingen som kunne måle seg mot. I mål var Aksel 7 sek føre sin tøffaste konkurrent Halvor Tjønntveit som tok andreplassen.  Sigurd Trømborg frå IL Bevern kom på tredjeplass. Han hadde to fulle hus, men var likevel 31 sek bak Aksel i mål.

Markane IL sin andre deltakar i denne klassa, Magnus Arntsen,  plasserte seg midt på lista med ein 69. plass. Han starta fint med berre ein bom på den første serien, men på den andre skytinga vart det tre bomskot. Dermed blei det totalt to minutt i tillegg. I mål var han  4 min 8  sek bak Aksel. Heile 134 løparar stilte til start i klasse G15.

Tidlegare idag var klasse G16 i aksjon. Her var det fire løparar frå Markane i sving. Best av våre vart Andreas Halsteinslid som kom på ein 45. plass. Han fekk ein bom og dermed eit halvt minutt i tillegg på første skyting medan den andre skytinga var feilfri. I mål skilde det akkurat 3 min fram til klassevinnaren Øyvind Haugan frå Try IL som både skaut feilfritt og gjekk svært raskt i sporet. Også andremann i klassa Benjamin Skaaheim frå Skoppum IL skaut feilfritt og var berre 5 sek bak vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Mathias Skrede frå Geilo IL, 36 sek bak vinnaren.

Andreas hadde ein svært jamn duell med lagkamerat Håkon Midthjell Gjørven som kom i mål til ein 46. plass. I mål skilde det berre 1 sek mellom dei to. Håkon hadde ein bom på kvar av skyteseriane. Grim Nygård kom på ein 87.plass. Med to bom på kvar av seriane vart det totalt to tilleggminutt.  Differansen fram til vinnaren var på 4 min 46 sek. Odd Sindre Tonning hadde ein tøff dag på standplass og fekk totalt ni bom. Sjølv om  farten i sporet var bra, vart det ein 110. plass i dag. Totalt 122 løparar frå heile landet deltok i klassa.

Hovudlandsrennet held fram med sprint i morgon.

Resultatliste Hovedlandsrennet i skiskyting Orkdal G15 normaldistanse 21.2.2014

Resultatliste frå Hovedlandsrennet i skiskyting i Orkdal G16 normaldistanse 21.2.2014

Vi gratulerer Aksel med siger HL skiskyting 2014! 

 

 

Andreas Halsteinslid. Foto: TSN

Andreas Halsteinslid blei beste 16-åring frå Nordfjord. Foto: Team Statkraft Nordfjord.

Gruppebilde av Nordfjord Team. Foto: TSN

Gruppebilde av Team Statkraft Nordfjord. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Håkon Midthjell Gjøven i løypa. Foto: TSN


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline