Jr. NM skiskyting Brummundal 16.2.2014:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2014

4. plass til Sogn og Fjordane i stafetten for M17-21

Johan Eirik Meland. Foto: TSN

Johan Eirik Meland gjekk på Sogn og Fjordane sitt lag i klasse 17-21. Foto: Team Statkraft Nordfjord (Foto frå normaldistansen)

 Sogn og Fjordane I gjekk seg inn til ein fjerdeplass på stafetten i klasse M17-21 i jr.NM skiskyting. Halve laget kom frå Markane IL då Johan Eirik Meland gjekk første etappe og Jarle Midthjell Gjørven gjekk ankeretappen. Med seg på laget hadde dei Trygve Aaland Tryggestad på andreetappe og Erlend Solhaug Myklebust på tredje etappe. Alle fire på stafettlaget kom seg gjennom sine etappar utan å skyte på seg strafferundar.

Johan Eirik Meland gjekk den første etappen. Han heldt Sogn og Fjordane inne blant dei fem-ti første laga heile etappen. Ved veksling låg Johan Eirik på ein sjette plass. Tre lag hadde skilt seg ut i teten medan det var nokså jamnt vidare nedover lista. Differansen fram til leiarlaget var på 50 sek.

Trygve Aaland Tryggestad gjekk den andre etappen. Han kom seg også gjennom etappen utan strafferundar og kniva jamnt med laga frå femte til tiandeplass var svært nær kvarandre heile etappen. Inn til veksling låg Trygve på ein sjuandeplass. Dei fremste laga heldt ein noko høgare fart i løypa. Differansen fram til Sør Trøndelag i teten var no på 2 min 21 sek. Avstanden til pallen var derimot berre 47 sek.

Erlend Solhaug Myklebust gjekk den tredje etappen. Framleis var det svært jamnt mellom laga som var plasserte mellom fem og ti. Inntil veksling låg Sogn og Fjordane på ein åttandeplass. Sør Trøndelag gjekk klart frå alle dei andre på denne etappen og leia med 1 min 45 sek på Nord Østerdalen som var på andreplass. Ved siste veksling låg Sogn og Fjordane 3 min 16 sek bak teten, men berre 1 min 30 bak sølvplass.

Jarle Midthjell Gjørven gjekk siste etappe og gjorde eit nytt godt løp då han gjekk laget frå Sogn og Fjordane opp fire plassar. Jarle hadde tredje beste langrenntid på sin etappe og knappa inn 27 sekund på leiinga til Sør Trøndelag.

 Sør-Trøndelag vann NM-gullet på stafett. Dei var 1 min 11 sek før sølvvinnar Nord-Østerdal. Bronsen gjekk til Oppland som var 1 min 37 sek bak vinnaren. Differansen ned til Sogn og Fjordane vart til slutt på 2 min 49 sek. Jarle avslutta etappen med å slå laget frå Agder med eitt sekund i mål.

Tidlegare i dag gjekk Sogn og Fjordane sitt stafettlag i M17-18 inn til ein 23. plass. På dette laget gjekk Georg Kristian Halsteinslid og Gaute Bø saman med Torgeir Grønningsæter Hauso og Sindre Kiviranta. Laget hadde ikkje heilt dagen på standplass. Alle fire fekk to strafferundar på den ståande skytinga og i tillegg fekk Gaute ein runde på liggjande. Med totalt ni rundar vart differansen fram til vinnaren Oslo og Akershus SSK 1 til slutt på 12 min 29 sek. Sølvet gjekk til Oppland som var 1 min 5 sek bak vinnaren medan Sør-Trøndelag sikra bronsen, 1 min 39 bak vinnaren.

Resultatliste for jr NM stafett Brummundal Klasse K17-21 M17-18 og M17-21 Dato 16.2.2014


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline