Jr. NM skiskyting Brummundal 15.2.2014:

Postet av Markane IL den 15. Feb 2014

Jarle Midthjell Gjørven på fjerdeplass på sprinten

Jarle Midthjell Gjørven. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven kom på fjerdeplass på sprinten i jr. NM. Foto: Team Statkraft Nordfjord, (Natrudstilen)

Jarle Midthjell Gjørven hamna like utanfor pallen på sprinten i Jr. NM skiskyting. Han enda i dag på fjerdeplassen 34,9 sek bak vinnaren. Jarle skaut feilfritt på liggjande, men fekk to bom på den ståande skytinga. Ut frå siste skyting låg han likevel på ein delt tredjeplass med Håkon Svaland. Svaland var svært rask i sporet og gjekk inn til siger på sprinten til trass for totalt fem bom.

I mål var gullvinnar Håkon Svaland frå Birkenes IL 4,9 sek føre Thomas Berge Foyn frå Bærum Skiklub. Jonas Nergård frå Hernes IL fekk bronsen. Han var 28,7 sek bak vinnaren. Dermed var det berre seks sekund som skilde Jarle frå ei ny pallplassering.

Johan Eirik Meland gjekk seg inn til ein fin 12. plass sjølv om det vart totalt tre bom, ein på første og to på andre skyting. Differansen fram til vinnaren var på 1 min 3 sek.

I klasse M18 gjekk Georg Kristian Halsteinslid inn til nok ein fin premieplass då han vart nummer 18. På standplass gjekk det heilt perfekt med to fulle hus. Differansen fram til klassevinnaren var på 1 min 22 sek. NM-gullet vart vunnen av Kristoffer Jonsson frå Vingrom IL. Mattis Haug frå Fet SK gjekk inn til andreplass, berre 0,6 sek bak vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Sindre Pettersen frå Nittedal IL, 9 sek bak vinnaren. Alle dei tre første hadde tre strafferundar.

I klasse M19 kom Grunde Breidablik  på ein 47. plass med totalt seks strafferundar. NM-vinnar i klasse M19 vart Amund Owren frå Vingrom.I klasse M17 kom Gaute Bø på ein 50. plass med totalt fem strafferundar. Han var 4 min 36 sek bak NM-vinnaren som vart Harald Øygard frå Skrautvål IL som skaut feilfritt.

Elles var det også fleire andre gode resultat blant løparane frå Team Statkraft Nordfjord. Spesielt gjekk det flott med Andrea Skeide Bakke frå Stårheim IL som gjekk inn til NM bronse i klasse K18.

Resultatliste NM jr / DNB Cup 5 sprint klassane M17 M18 M19 og M20-21


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline