Jr. NM skiskyting Brummundal 14.2.2014:

Postet av Markane IL den 14. Feb 2014

NM-sølv til Jarle Midthjell Gjørven!

Jarle Midthjell Gjørven fekk sølv i jr. NM. Foto: TSN

Jarle Midthjell Gjørven gjekk inn til sølv i junior-NM på normaldistansen. Foto: Team Statkraft Nordfjord

Det vart ein flott start på junior-NM for Jarle Midthjell Gjørven som gjekk seg inn  til sølv på normaldistansen i klasse M20/21. Jarle var med blant dei beste heile vegen. Det vart totalt to tilleggsminutt, eit på den andre og eit på den tredje skytinga. Men med ein flott feilfri serie på siste ståande der mange av konkurrentane bomma, gjekk han ut frå siste skyting på andreplass. Denne plasseringa heldt han heilt i mål og på siste runden gjekk han frå dei næraste konkurrentane  i løypa.

Gullvinnar i dag vart Vemund Revnsborg Gurigard frå Vingrom IL som held stor fart i løypa. Han vann med ein differanse på 55 sek ned til Jarle til trass for at begge hadde to tilleggsminutt. Bronsevinnar vart Anders Trønsdal Lyngstad frå Indreøy IL. Han hadde også to tilleggsminutt og var 1 min 6 sek bak vinnaren.

Johan Eirik Meland fekk to tilleggminutt på første skyting. Han var likevel med å kjempa om ein i toppen av resultatlista heilt inn til siste ståande. Men på siste ståande skyting kom der tre tilleggsminutt til, dermed vart det ein 24. plass i dag. Differansen fram til vinnaren vart til slutt på 4 min 55 sek. 

I klassa M19 kom Grunde Breidablik på ein 42. plass med totalt åtte tilleggsminutt. Klassevinnar vart Henrik Aslesen frå Fet IL. I klasse M17 gjekk Gaute Bø inn til ein 58. plass etter ein vanskeleg dag på standplass med totalt 10 tilleggsminutt. Han var med dette 10 min36 sek bak klassevinnaren, Johannes Dale frå Fet SK.

Georg Kristian Halsteinslid gjekk inn til ein fin 20. plass i klasse M18. Han var heilt oppe på ein 9. plass etter å ha klart seg gjennom dei første femten skota med berre ein bom. Sjølv om det vart to tilleggsminutt på siste ståande, heldt det likevel til akkurat til ein plass blant dei tjue beste og dermed godt innanfor den beste tredjedelen som får premie.

Resultatliste for NM junior/ Statkraft Junior Cup 4 og DNB Cup 5 normaldistanse Brummundal 14.2.2014

Vi gratulerer Jarle med sølvmedaljen!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline