Sotsji 13.2.2014

Postet av Markane IL den 13. Feb 2014

11. plass til Johannes Thingnes Bø på normaldistansen.

-Tarjei Bø på 26. plass

Johannes Th. Bø og Tarjei Bø. Foto: Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum / NRK, 2012

Johannes Thingnes Bø gjekk seg inn til ein fin 11. plass på normaldistansen. Tarjei Bø vart nummer 26.

Johannes Thingnes Bø gjekk ein god normaldistanse under OL i Sotsji. Med berre eit tilleggsminutt vart det ein fin 11. plass for OL-debutanten. Med det eine tilleggsminuttet var Johannes 1 min 44 sek bak vinnaren Martin Fourcade frå Frankrike som også hadde eit tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Erik Lesser frå Tyskland. Han var 15 sek bak vinnaren. Bronsen tok Evgeniy Garanichev frå Russland, 35 sek etter gullmedaljøren.

Tarjei Bø fekk to tilleggsminutt på dagens løp. Begge bommane kom på andre skyting. Farten i løypa var ikkje blant dei raskaste, og i mål skilde det 3 min 9 sek fram til vinnaren. Beste norske skiskyttar i dag vart Emil Hegle Svendsen på 7. plass. Ole Einar Bjørndalen kom på 34. plass.

Neste løp i OL er fellesstart på søndag 16.februar.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline