Hodlekve 8.2.2014:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2014

Tre klassevinnarar frå MIL i SSF-cupen! 

 Maren og Simon Hjelmeset Kirkeeide og Aksel Mathias Meland vann SSF-cup i Hodlekve. Foto: Margunn Hjelmeset

 Maren Hjelmeset Kirkeeide (J11), Simon Hjelmeset Kirkeeide (G14) og Aksel Mathias Meland (G15) vann kvar si klasse i SSF-cupen. Foto: Margunn Hjelmeset (KM 2014)

Løparane frå Markane IL gjorde det svært bra under dagens SSF-cup. Løpet vart arrangert av Førde IL, men gjekk på Hodlekve p.g.a. lite snø på Langeland. Rennet gjekk i fri teknikk.

Heile tre av deltakarane frå Markane vann sine klasser og alle sju plasserte seg topp fem i sine klasser. 

Maren Hjelmeset Kirkeeide vann klasse J11. Ho var i mål etter 6 min 34 sek. Kristina Skaflestad Hegrenes frå Førde vart nummer to, 45 sek bak. Louise Tveito frå Kaupanger vart nummer tre.

 Også Simon Hjelmeset Kirkeeide vann si klasse. Han kom i mål på tida 8 min 4 sek. Han var 36 sek føre Kent Ove Sæten frå Hyen som vart nummer to, og 41 sek føre Eskil Hov frå Kaupanger som tok tredjeplassen.

Den tredje klassevinnaren blei Aksel Mathias Meland som tok sigeren i G15. Han kom i mål på tida 11 min 32 sek og var dermed 16 sek raskare enn nummer to, Andreas Hetle frå Breimsbygd IL. Erlend Henjesand frå Syril IL tok tredjeplassen 37 sek bak.

 I klassa G12 fekk Markane IL to løparar på pallen. Sigurd Fotland Fænn kom på andreplass berre åtte sekund bak klassevinnar Thristan Engebø Ullebø frå Førde. Oskar Guddal Breivik tok tredjeplassen, 12 sek bak vinnaren. Tredjeplassen delte han med Sivert Heggheim Mannsverk frå Jotun IL.

I klasse G13 vart det femteplass til Magnus Midthjell Gjørven. Han var 59 sek bak vinnaren Martin Aaland frå Hardbagg IL. Johan Johannessen Skrede frå Førde vart nummer to og Håvar Kvam frå IL Bjørn nummer tre.

I klasse G16 vart det fjerdeplass til Håkon Midthjell Gjørven. Han var 2 min 47 sek bak klassevinnaren Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen IL. Hope vann klassa suverent med nesten to minutts avstand ned til nr to, Jonas Skjeldestad Hove frå Sogndal. Tredjeplassen gjekk til Ådne Reidar Nes Kleppe frå Eid IL

Fleire av deltakarane frå Markane ligg også godt an i SSF-cup samanlagt. Lista vert lagt ut når den er oppdatert.

Resultatliste for SSF-cup friteknikk Hodlekve 8.2.2014


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline