Sotsji 8.2.2014:

Postet av Markane IL den 8. Feb 2014

Gull til Ole-Einar Bjørndalen på OL-sprinten

-Tarjei Bø nr 39 og Johannes Th. Bø nr 55

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø. Foto: Fjordingen

Det vart ikkje fulltreff verken for Johannes Thingnes Bø eller Tarjei Bø på OL si første øving.

 Verken Tarjei Bø eller Johannes Thingnes Bø fekk fullklaff i det første rennet i OL.

Tarjei var brukbart med i starten av løpet etter fullt hus på første skyting sjølv om farten i løypa ikkje heilt matcha dei aller raskaste. Men tre bom på ståande vart altfor mykje til å få ei plassering i toppen. I mål skilde det 1 min 37 sek fram til gullmedaljen.

Johannes Thingnes Bø var debutant i OL-samanheng i dag. Det enda med to strafferundar på kvar av dei to skyteseriane. Dermed blei det ei plassering godt ned på resultatlista med 55. plass. Differansen fram til tet vart til slutt på 2 min 18 sek.

Sjølv om det ikkje gjekk heilt vegen for Tarjei og Johannes, vart det ein flott norsk skiskyttardag. Ole-Einar Bjørndalen var tilbake i toppslag. Med berre ein bom på ståande skyting og eit suverent langrenn sikra han seg nok eit olympisk gull. Domenik Landertinger frå Austerrike tok sølvet 1,3 sek bak Bjørndalen. Jaroslav Soukup frå Tsjekkia sikra seg bronsen 5,7 sek bak vinnaren. Emil Hegle Svendsen vart nummer ni.

Tarjei og Johannes får sjansen til å forbetre plasseringane seg alt på måndag. Då er det klart for jaktstart. Løpet startar kl. 1600.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline